Avisa heitte første året ”Innfjordingen”, men etter konkurs, sto den opp att som ”Fjordingen” i 1929.
Torleif Bergmann stod oppført som redaktør dei første åra etter 1929, men i praksis var det
Ingemunn Fænn som redigerte avisa fram til 1936. Frå 1942 til krigsslutt låg avisdrifta nede. Etter initiativ frå Erling Bø og Ludvig Bergh starta ein på nytt i 1945.
Avisa vart i 2003 kjøpt opp av Sunnmørsposten og Orkla Media, som også eig Fjordenes Tidende i Måløy.
Redaktørar etter krigen:
Erling Bø, Audun Aarheim,
Paul Svarstad, Ingvar Svarstad, Martin Lilleheim (i 35 år), Harald Vartdal, Inge Fænn og Bengt Flaten.
Trykkeriet i Stryn har også trykking av to andre lokalaviser: Fjordabladet (Eid) og Fjuken (Skjåk).
Fjordingen vart på 1990-talet overteke av Orkla Media, som i 2006 vart seld til det britiske mediekonsernet Mecom.