SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Stryn:

Strynefjellsvegen

Gamle Strynefjellsvegen vart opna som nasjonal turistveg i 1997. Etter opninga prøvde eit følgje med veteranbilar vegen.
Gamle Strynefjellsvegen vart opna som nasjonal turistveg i 1997. Etter opninga prøvde eit følgje med veteranbilar vegen.
Då heilårsvegen over Strynefjellet vart opna av kong Olav V i 1978, vart den kalla livsnerven for Nordfjord mot aust.

Publisert 18.03.2002 13:17. Oppdatert 20.02.2007 10:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video


Også for Sunnmøre fekk heilårsvegen stor økonomisk betydning, og det var i grannefylket i nord at nordfjordingane måtte søkje støtte for å få vegen bygd. I dei sørlege lutane av Sogn og Fjordane var politikarane mildt sagt negative til prosjektet i lang tid, fordi dei meinte prosjektet ville gå ut over andre vegløyvingar i fylket. Heilårsvegen med tre store tunnelar avløyste ein gamal turistveg frå 1894 som riksveg over Strynefjellet.

Drifteveg over Kamperhamrane og Raudalen

Frå eldgamle tider har det vore ferdsle over fjellskara mellom Oppstryn og Ottadalen. Ferdsla gjekk frå Sunndalen i Oppstryn, over vass-skiljet i Kamperhamrane og gjennom Raudalen på austsida. I Kamperhamrane vart det mura inn fleire hundre trinn i steinura slik at folk med kløvhestar og driftefé kunne ferdast trygt utan å skade seg.
I Sverre-sagaen vert det fortalt av bisp Nikolas Arnesson i 1197 sende ein flokk baglarar over Kamperhamrane til Nordfjord.
På Sjømannssletti ved Framrustiseter i Raudalen kan ein enno sjå tufter etter hus som vart nytta av folk som kom vestfrå til hestemarknaden på Lindsheim i Nordberg i Skjåk.
I ”den vesle istida” på 1700-talet (les meir om denne i eigne artiklar under Stryn kommune og Luster kommune) voks Sikilsbreen så mykje at ferdsla måtte gå over bretungene ved ytste Leirvatnet, og framleis kan ein sjå merke etter ein sti langt oppe i fjellsida. Den gjekk truleg langs kanten av den velvaksne breen i desse kuldeåra. Det gamle sambandet over Strynefjellet viser også att i slektene på begge sider ved at ungdomen fann seg ektemake på andre sida av fjellet.
Grensesteinen på gamle Strynefjellsvegen. Foto: Olav Jakob Tveit

Turistveg alt i 1894

Det var først då turismen tok til å verte ei viktig næring i fjordbygdene i dei siste tiåra av 1800-talet at tanken om ein køyreveg over Strynefjellet vart vekt. Turistvertane i Stryn og Geiranger såg den nye jernbanen ete seg oppover Gudbrandsdalen. Den var framme på Otta i 1896, og karjolskyss frå Geiranger og Stryn til jernbanen på Otta kunne verte ei attraktiv turistrute. Det same ville ein rundtur over Strynefjellet mellom Oppstryn og Geiranger verte. Difor vart den første Strynefjellsvegen over Videseter som opna i 1894, først og fremst som turistveg.
Alt i 1867 tok Stryn kommunestyre opp spørsmålet om veg til Skjåk. Stortingsvedtaket kom i 1880. Strynefjellsvegen frå Hjelle i Oppstryn til Grotli vart opna i 1894. Geirangervegen til Grotli var ferdig i 1889.
Den gamle Strynefjellsvegen går i 19 slyngar opp Tystigen ved Videseter, og vert framleis halden ved like, med status som ein av våre nasjonale turistvegar. Det høgste punktet på den gamle vegen er 1139 meter.
Men heilt fram til vegen langs Strynevatnet vart opna i 1922 måtte turistar og andre reisande fraktast over vatnet frå Nedstryn til Oppstryn i dampbåtar. Den mest kjende av desse var ”Fridtjof Nansen”. I sesongen måtte den vesle dampbåten spe på kapasiteten med ein pram som den slepte etter seg.
Dei første åra vart ferdsla over Strynefjellsvegen organisert med skysstasjonar og hesteskyss. På vestsida var det skysstasjonar på Skåre og på Videseter. Denne siste vart seinare bygd om til vanleg turisthotell, slik også skysstasjonen på Grotli på austsida vart.

Tidleg krav om heilårsveg

Ikkje lenge etter at den første Strynefjellsvegen var opna, reiste både Postvesenet og Forsvaret krav om at Strynefjellsvegen måtte byggjast ut som heilårsveg. Flaskehalsen var den snørike Tystigen – den siste stigninga på vestsida frå Videdalen, før vegen flata ut austover fjellet. Her rekna vegkontoret med at det måtte byggjast ein svært dyr tunnel. Difor vende vegdirektør Krag tommelen ned for prosjektet i første omgang.

Fleire alternativ for lineval

Men draumen om heilårsveg var ikkje sløkt: I 1936 fremja Stryn kommunestyre krav om utvida opningstid om våren og hausten, men alle såg at det framleis var langt fram til heilårsopning.
Fram til første snøfresaren kom i 1950, vart både Strynefjellet og andre fjellvegar her i landet opna med handemakt: Arbeidslag på opptil 100 mann på kvar side arbeidde seg med spade til møtes på fjellet!
Det vanlege var at Strynefjellsvegen var brøytt i midten av juni og vart halden open i omlag fire månader om sommaren og hausten.
I 1942 gav vegdirektøren den tidlegare vegsjefen i Sogn og Fjordane, Knud Knudsen, i oppgåve å vurdere om ein kunne byggje heilårsveg etter ei ny line gjennom Grasdalen lengre nord.
I 1949 kunne Knudsen leggje fram ein plan som viste at det var mogeleg å byggje heilårsveg over Strynefjellet, ikkje berre etter ei, men etter to liner: Det eine gjennom Grasdalen nord for Videseter, og det andre gjennom Raudalen lengre sør. Planen innebar at ein måtte byggje tunnelar på frå 6000 til 11.000 meter, alt etter kva alternativ ein valde.

Effektiv aksjonsnemnd

I 1952 skipa kommunane Hornindal, Stryn og Innvik ei aksjonsnemnd som skulle arbeide for heilårsveg over Strynefjellet.
Under leiiing av tidlegare ordførar i Innvik, Per Reme, utførte nemnda eit stort politisk arbeid for å sanke støtte frå heile Nordfjord, Sunnmøre og Oppland for kravet om heilårsveg.
Nemnda gjorde først fåfengde freistnader på å få Forsvaret til å løyve pengar til den strategisk viktige fjellvegen, dinest søkte dei etter såkalla ”kompensasjonsmidlar” fordi ein på 1920-talet la bort jernbaneplanar og i staden skulle byggje vegar som ”Kompensasjon”. Ein av jernbaneplanane vart at ei ”stamline” Bergen – Trondheim skulle gå over Strynefjellet .
Då begge desse forsøka var mislukka, sette dei tre fylka fram krav om at heilårsvegen måtte finansierast med ekstraløvingar over det vanlege vegbudsjettet.

Motstand frå Sogn og Sunnfjord

I regi av dåverande samferdsleminister og nordfjording Kolbjørn Varmann (sjå under Kjende personar i Eid fødde år 1900-1950) vart det i 1957 halde eit fellesmøte for dei tre fylka på Lom. Men her kom det fram uvilje frå fleire – ikkje minst frå Sogn og Fjordane - mot at løyvingar til Strynefjellsvegen skulle gå ut over andre vegprosjekt i regionen. Motstanden mot heilårsvegen over Strynefjellet var særleg sterk frå Sogn og deler av Sunnfjord, som helst såg at ein satsa på Filefjell og Hemsedal som dei viktigaste sambanda austover.

Tre fylke saman om vegkravet

I 1958 vart det likevel skipa ei felles arbeidsnemnd med medlemmer frå fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland. Fylkesmann Nikolai Schei vart leiar. Denne nemnda heldt hardt på at heilårsvegen over Strynefjellet måtte finansierast med ekstra løyvingar over statsbudsjettet slik at ikkje andre vegprosjekt i regionen vart skadelidande.
Linevalet – Raudalen eller Grasdalen – overlet fylka til Stortinget å avgjere.

Vegdirektoratet trenerte saka

Men det skulle gå mange år før Stortinget kunne gjere endeleg vedtak om både lineval og finansiering. Ein viktig grunn var at Vegdirektoratet meinte at eit heilårs vegsamband ikkje var det mest framtidsretta for denne delen av Vestlandet.
Direktoratet kasta no inn fleire altarnativ: Veg gjennom Jostedalen, heilårsveg over Gaularfjellet, og dermed eit felles vegsamband austover for heile fylket gjennom Sogn og over Filefjell. Jamvel eit tverrsamband gjennom Fjærland for at Fjordane skulle få enklare samband austover via Sogn vart lansert.
Men vegdirektøren opna likevel for at Strynefjellsvegen kunne verte bygd, men då måtte fylka leggje bort alle draumar om at prosjektet kunne realiserast med ekstramidlar, slik at det ikkje seinka andre vegplanar i regionen.

Direkte til topps

Denne haldninga frå fagdirektoratet vekte harme i dei tre fylka. Resultatet vart at nordfjordingar og sunnmøringar stod endå meir samla kring kravet om heilårsveg over Strynefjellet. No gjekk trefylkes-nemnda rett til topps:
Aktiv lobbyverksemd og fleire møte m.a. med statsminister Per Borten (Sp) gav resultat. Heilårsvegen kom på den nasjonale politiske dagorden att.
Men dei tre fylka måtte bite i seg at det store vegprosjektet kom til å merkast på vegløyvingane elles i dei tre interessentfylka så lenge det stod på. Som plaster på såret vart dei lova at dei årlege vegløyvingane skulle aukast noko – med andre ord eit politisk kompromiss.
I 1967 la regjeringa Borten fram stortingsproposisjonen om heilårsvegen over Strynefjellet, og på sluten av året, den 11. desember 1967, vedtok Stortinget å byggje heilårsvegen etter Grasdals-lina. Byggjearbeidet starta 29. juli 1969.
Kong Olav opnar Strynefjellsvegen. Foto: Knut Enstad, Sunnmørsposten

Kongeleg opning i 1978

Heilårsvegen over Strynefjellet over den såkalla ”Grasdalslina” vart opna for trafikk i 1977 og offisielt opna av kong Olav V den 17. oktober 1978.
Frå vest mot aust heiter dei tre store tunnelane: Ospeli-tunnelen (2549 meter), Grasdalstunnelen (3720 meter), Oppljostunnelen (4337 meter). I den siste er det installert ein såkalla ”kuldeport” som skal motverke ekstrem nedkjøling i tunnelen.
I 1996 vart Hjelletunnelen på 2561 meter mellom Erdal og Folven i Oppstryn opna.

Strynefjellsvegen er berre stengd ved ekstreme vêrtilhøve.

Krav om rastrygg heilårsveg

Men sjølv om den nye Strynefjellsvegen i namnet skulle vere eit trygt heilårssamband, har den vorte stengd i opptil fleire dagar i strekk i harde uversvintrar. Difor vart det like etter tusenårsskiftet reist krav – ikkje minst frå transportnæringa – om at det måtte byggjast nye tunnelar for å styre vegen unna dei mest rasutsette strekningane i Grasdalen.

10 meter høge brøytrekantar på gamle Strynefjellsvegen sommaren 2005. Foto: Jamal Hayek Rake.

Nasjonal turistveg

Den gamle Strynefjellsvegen over Tystigen er framleis halden ved like med eige riksvegnummer (258) og fekk status som nasjonal turistveg på 1990-talet. Denne vegen er 27 kilometer lang med eit høgste punkt på 1139 m.o.h.




Sjå også:
· Flytande hotell og Strynefjellsveg


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no