Førre side:
·
Kjende personar i Solund fødde år 1200-1900
(1901-1995) frå Kråkevåg. Lensmann og motstandsmann under 2. verdskrig.
(1901-1961) frå Hjørundfjord, busett på Hardbakke. Sokneprest og motstandsmann under 2. verdskrig.
(1904–1940) frå Solund. Fiskar.
(1906–1943) frå Solund. Maskinmann og marinesoldat.
(1906-1944) frå Enstad i Bøvågen. Småbrukar og fiskar, og kommunistleiar og motstandmann under 2. verdskrig.
(1906-1943) frå Nautøy. Fiskar og marinesoldat.
Ludvig Simonsen
(1908–1943) frå Solund. Motormann og krigsseglar. Omkom då M/S ”Karmt” vart senka utanfor Dover den 18. april 1945.
Sverre Olai Takle
(1909-1994) frå Hardbakke. Handelsmann og politikar. Medlem av kommunestyre og formannskap frå 1946 og ordførar 1948-1955. Han gjorde mykje for å få fart i bygging av skikkelege vegar i Solund, særleg hovudvegen Kolgrov-Krahella. Kasserar i Sulen Sparebank 1931-1975, dei første 5 åra som vikar for faren
Paul Takle.
Leif Sandvik
(1910–1941) frå Solund. Skyttar og krigsseglar. Hadde gått skyttarkurs i Skottland og var kanonskyttar på M/T ”Ida Knudsen”, og omkom då skipet vart torpedert på veg frå Trinidad til Gibraltar den 21. juli 1941.
(1911-1990) frå Furevik. Bonde og motstandsmann.
Olav Martin Utvær
(1912–1944) frå Solund. Fiskar. Rømde til England på motorkuttaren ”Laila” den 4. april 1942. Der kom han i teneste på ein fiskebåt som skulle skaffe matforsyningar til dei norske styrkane. Han vart turberkulosesjuk og døydde 12. august 1944.
Jakob Ytrøy
(1912–1942) frå Solund. Matros og krigsseglar. Omkom då M/S ”Vibran” kom bort i Atlanterhavet etter at skipet gjekk frå Cardiff den 18. september 1942 med kurs for Halifax. Truleg vart skipet torpedert av ein tysk ubåt den 24. september 1942.
(1913-1993) frå Indrevær. Husmor og Venstre-politikar og første kvinnelege ordføraren i Sogn og Fjordane.
(1914–1943) frå Solund. Marinesoldat.
Johannes Reinhardsson Oddekalv
f. 1915, frå Oddekalv. Fiskebåtskipper og politikar. Ordførar 1967-1975, og medlem av fylkestinget i same periode. Hadde elles sentrale tillitsverv innan fiskarorganisasjonane i fylket.
(1915–1940) frå Solund. Fiskar.
f. 1916 i Solund, busett i Haugesund. Fabrikkarbeidar og motstandsmann under 2. verdskrig.
(1918–1942) frå Solund. Skyttar og krigsseglar.
(1918-1980) frå Nåra. Handelsmann og Høgrepolitikar.
(1919–1943) frå Solund. Fiskar og medlem av Shetlandsgjengen.
(1919–1940) frå Solund. Fiskar.
Leif Johan Steinsund
(1919–1942) frå Solund. Fiskar, gardsarbeidar og krigsseglar. Rømde i oktober 1941 i open båt over til England. Hadde ei tid hyre på M/S ”Marie Bakke”, seinare på D/S ”Norse King” og omkom då skipet vart torpedert den 28. desember 1942.
Birger Hjønnevåg
(1920–1942) frå Solund. Matros og krigsseglar. Reiste til sjøs i 1939 og omkom då D/S ”Nidaros” vart torpedert i Mexicogolfen på veg frå New Orleans til Christobal den 3. juni 1942.
(1920–1940) frå Solund. Fiskar.
Olav Kristoffer Indrevær
(1920–1943) frå Solund. Kokk og krigsseglar. Omkom då D/S ”Norhauk” vart sprengd av ei mine ved munningen av Themsen, på veg til London den 21. desember 1943.
Peder Johan Gåsvær
(1921–1942) frå Solund. Fiskar. Tenestegjorde under 2. verdskrig i Marinen og omkom då korvetten ”Montbretia” vart skoten i senk av tyske ubåtar den 18. november 1942.
f. 1921 på Krakhellen, busett på Voss. Motstandsmann under 2. verdskrig og offiser.
f. 1921 på Kverhella, busett i Oslo. Direktør, forfattar og motstandsmann under 2. verdskrig.
(1922–1940) frå Solund. Fiskar og gadbrukar.
(1922–1943) frå Solund. Fiskar og marinesoldat.
(1925-1980) frå Ravnøy. Fiskeoppdrettspionèr.
(1925-1997) frå Engevik. Motstandsmann, industrigründar og Kristeleg Folkeparti-politikar.
f. 1932 på Færøy, busett i Fræna i Romsdal. Målar, grafikar og skulptør.
Bjarne Peder Nesøy
(1934–1947) frå Solund. Døydde av brannskader den 7. september 1947 etter å ha leika med brannfarleg materiale som han fann i eit tysk militæranlegg på Riseneset i Gulen.