|
Norsk MTB |
Hendinga kring MTB-345 i Solund i 1943 med avretting av seks norske og ein engelsk marinesoldat i full uniform, er mellom dei grovaste brotsverka som nazistane gjorde seg skuldige i Noreg under krigen.
Skjergarden og vågane i Solund var ideelle gøymestader for allierte torpedobåtar som gjorde åtak på tyske skip i den norske skipsleia. Folk i Solund visste om trafikken og båtane, og hadde ofte kontakt med mannskapet. Men trass i denne opne kontakten, heldt Sula-folket tett med det dei visste.
|
Sulingane heldt tett |
MTB 345 var ein mindre torpedobåt enn dei vanlege, og motoren kravde ei spesiell bensinblanding. Dette skulle verte avgjerande for det som hende.
MTB 345 kom til Solund saman med ein annan MTB i juli 1943. Dei vart oppdaga ved Utvær. Tyske fly gjekk til åtak, og den andre krigsbåten rømde heim att til Shetland med spesialbensinen til 345 ombord. MTB 345 gøymde seg bort mellom holmane i Solund. Tanken var at den skulle bunkre bensin frå lager som alt var plasserte i Solund for å kome seg snarast mogeleg tilbake til Shetland. Men bensinen passa ikkje, og båten vart liggjande og vente på hjelp.
Men tyskarane visste om at MTB 345 låg gøymt ein stad i Solund. Dei fekk peila han inn i Ospa og slo til, arresterte heile mannskapet og førde dei til fangeleiren Ulven ved Bergen. Den 30. juli vart alle sju avretta. Då var dei i full uniform.
|
Flovasseidet, der MTB 345 vart teken. Foto frå samlinga til Solund kommune. |
Lika vart søkkte i Korsfjorden, med sprengladningar i kistene. Spora etter krigsbrotsverket med avretting av uniformerete soldatar skulle løynast, for slik framferd braut med alle reglar i Genevekonvensjonen om handsaming av uniformerte krigsfangar.