SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Solund:

Handelsstaden Gåsvær

Hamna i Gåsvær i 1916. Skøyta er
Hamna i Gåsvær i 1916. Skøyta er "Firda" eigd av Hans P. Gåsvær (1879-1948) i nordfjordfæringen. (Foto © Fylkesarkivet)
Gåsvær er ei av dei ytste øyane i Nordsula, og ligg vest i havet mellom Lågøyfjorden og Gåsværosen. Gåsvær ligg lagleg til fiskefelta, og har truleg hatt handel lenge før bergensaren Jørgen Petter Møller fekk handelsprivileium i 1755.

Publisert 11.03.2002 11:56. Oppdatert 21.03.2002 11:40.
I 1760 kjøpte systersonen Vilhelm Lexau både kremmarleia på Husøy og Gåsvær. I 1767 fekk han løyve til å drive gjestgiveri og skjenkestove i Gåsvær i tillegg til handel. Ølet bryggja han sjølv, men måtte kjøpe brennevinet frå Bergen. Han fjernstyrde eigedomane sine i Solund frå Bergen.

Kring 1800 kjøpte firmaet Lyder W. Nicolaysen og Søn handelsstaden Gåsvær. Firmaet hadde tidlegare kjøpt Husøy, Utvær og Stokkevåg. Lexau var gifta inn i familien Nicolaysen ved at Nicolay Nicolaysen var gift med dotter til Vilhelm Lexau. Då Vilhelm døydde i 1839, selde enkja Bolette til Lars Møldrup Gjertsen Lervåg. Truleg vart Gåsvær nedlagt som kremmarleie og gjestgiveri før 1850.
Sidan har folket livnært seg med fiske og jordbruk. Den eldste bygningsdelen på det særmerkte hovudhuset er frå 1700-talet. Eit anna hus har bøygde takbjelkar og skal vere bygd av tømmer frå ei forlist seglskute.

Det gamle fiskeværet vert i dag også drive som feriesenter under namnet Gåsvær Fiskeferie.

Dei tre bustadhusa på Gåsvær i 1916. (Foto © Fylkesarkivet)

MEIR OM SOLUND 
Solund kommune

 
Historia i Solund
Industri og næring i Solund
Kjende personar i Solund
Kommunehistoria i Solund
Krigshistoria i Solund
Kyrkjer i Solund
Samferdsle i Solund
Skular i Solund
Verd å sjå i Solund

 
Lyd frå Solund
Video frå Solund

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no