Fylkesbaatane sine stoggestader:
har gjennom tida hatt 16 stoggestader i Solund kommune. Nordfjordruta til Fylkesbaatane gjekk første åra i indre lei gjennom Krakhellesundet, men la om til ytre lei gjennom Ytre Steinsund ei kort tid, før ein gjekk tilbake til å nytte indre lei.
· Krakhellesundet fekk rutestogg på Fylkesbaatane si Sunnfjord-rute i 1862. Søren Krakhellen var i lang tid ekspeditør og bygde kai for rutebåtane.
· Buskøy fekk stjernestogg på Nordfjordruta i 1868 og fast rutestogg like etter. I mange år var Buskøy viktigaste stoggestaden for Fylkesbaatane i Solund, med stor frakt av sild. Georg Hess var ekspeditør (sjå "
Hess-slekta tek over på Buskøy")
· Steinsundholmen fekk rutebåtstogg på Steinsundvika i 1875 med Halvard Jensen som første ekspeditør. Den tida var det uråd for Fylkesbaatane å gå inn i Indre Steinsund. Det vart mudra og utdjupa seinare.
· Nåra fekk rutestogg i 1877 då Fylkesbaatane let Nordfjordruta gå ytre lei. Frå 1972 vart Nåra stoggestad for ekspressbåten Nordfjord-Bergen nokre få år.
· Tangenes fekk rutestogg ei tid før 1887.
· Rognsvåg ved Kolgrov fekk rutestogg frå 1897. I 1912 vart ekspedisjonen flytta til Kolgrov.
· Lågøy fekk stjernestogg på sommarrutene frå 1900, og fast stogg frå 1912.
· Nesefjord fekk stjernestogg i Kråkenessundet i 1907.
· Indrøy vart stoggestad på lokalruta Bergen-Solund-Askvoll som starta i 1910.
· Husøy fekk rutebåtstogg i 1912 etter først å ha fått avslag i 1903 og 1906 frå Fylkesbaatane. I 1951 vart det bygd ny kai, og staden var med på lokalruta som gjekk mellom Bergen og Gulafjordane.
· Kråkøysundet vest for Hersvik vart stoggestad kring 1915, og vart i 1918 registrert som største stoggestaden i kommunen.
· Losna fekk rutestogg ca. 1918.
· Hardbakke fekk rutestogg ca. 1930 på ei motorbåtrute Gulen-Hyllestad-Solund ein gong i veka. Frå 1950-åra fekk Hardbakke stogg av ruta Solund-Gulafjordane-Bergen
· Ytrøygrend fekk rutestogg i 1930-åra.
· Hjønnevåg fekk båtrute sommaren 1955. Då ruta vart kutta året etter, truga bygdefolket med skattestreik. Etter forhandlingar kom Hjønnevåg med i lokalrutene som gjekk på Bergen.
· Eide fekk rutebåtkai i 1956.
Ferjesambandet i Ytre Sula
Ferjesambandet Nåra - Daløy knyter Ytre og Indre Sula saman og vart opna 1974. Kjøpmann Henrik Tungodden hadde i mange år før det drive skyssbåt over sundet. Etter at det lokale fiskarlaget lenge hadde kravd offentleg ferje over Ytre Steinsund, kjøpte fiskar
Rolf Trovåg bilferga "Nårasund" og sette den inn i sambandet. Kommunen og fylket gav driftsstøtte. Fylkesbaatane tok over drifta i 1979. I 2006 vart ferjesambandet Nåra - Daløy avløyst av ei mykje kortare ferjestrekning mellom Daløy og Haldorsneset, og med veg frå Haldorsneset til Sætrevågen.
Ferjesamband Rysjedalsvika-Krakhella
i Solund vart opna i 1972. Vegvesenet og lokale krefter arbeidde først for at ferjeleiet skulle byggjast i Lifjorden lengre vest, men tapte mot Rysjedalsvika. Den første planen om ferjesamband mellom Hyllestad og Solund var å starta ferje frå Laberg ved Skifjorden og til Leknessund i Nordre Solund - derfrå veg gjennom Solund til ny ferje Steinsund-Nåra og til Kolgrov i Ytre Solund.
Hurtigbåtruta med "Solundir"
Etter mange års misnøye med sambandet til Bergen, kom snøggbåten "Solundir" i 1972. Med "Solundir" kunne sulingane nå Bergen på 3½ time. I 1989 vart båten erstatta av "Fjordglytt".
Ekspressbåtrutene
- sjå Nåra lenger oppe på sida.