Førre side:
·
Kjende personar i Gloppen fødde år 1700-1850
(1851–1922) frå Breim. Bonde og politikar.
Oskar Schøtt Revers
f. 1852, var prest, og første styrar av den nye
Amtsskulen på Apalset i Gloppen 1876–1878. Seinare vart han sokneprest i Innvik 1894–1908.
(1855–1942). Bondestudent frå Andenes i Gloppen som ”svalt seg” til presteutdanning i Kristiania.
Karl Uchermann
(1855-1940) frå Vestvågøy, oppvaksen i Vik og Gloppen. Kunstmålar som m.a. har måla altartavler i Hyen og Vereide kyrkjer. - Sjå elles
Vik kommune.
(1855-1936) frå Breim, handelsmann i Eivindvik.
(1855–1915) frå Utvik. Ein av dei store industribyggjarane i Nordfjord.
(1855–1933) frå Sandane. Forretningsmann.
Jakob Eliasson Aaland
(1856–1936) frå Sandane. Forretningsmann. Starta først på Hestenesøyra, men opna eiga forretning på Sandane 1893. Aaland var medlem i forstandarskapet i Gloppen Sparebank i 40 år.
( 1858 - ?) frå Alstadhaug, busett på Vereide. Prest og forfattar.
David Pederson Kvile
(1861–1918) frå Breim. Lærar og politikar. Slo seg til i Østerdalen, der han var aktiv i arbeidarforeiningar og Venstre-lag. Sat eit par periodar som vararepr. til Stortinget for Nordre Østerdalen krins.
(1864–1928) frå Hestenesøyra. Bonde og jekteskipper – også kalla ”Skipper-Ola” - som var den første i Nordfjord som sette inn motor i jekta si, ”Håbet”.
Lars Reed
(1864–1940) frå Re. Lærar og norskdomsmann. Var første formann i Firda Ungdomslag. Som mangeårig formann i Firda Lærarlag sto han sentralt i innføringa av nynorsk som hovudmål i skulen i Nordfjord.
(1865–1960) frå Hyen. Handelsmann som starta forretning på Straume i Hyen 1898.
(1867–1946) frå Sandane. Telefoninstallatør, og redaktør og disponent i avisa ”Nordfjord”.
Arne Klausson Egge
(1868-1961) frå Breim. Bonde, postopnar og hotelleigar på Egge. Bygde ”Hotell Germania” i 1890, etter at vegen gjennom Våtedalen hadde opna 1889. Han vart også skysskaffar, og fekk bygd elektrisitetsverk i Egge-elva 1914.
(1868-1952). Fotograf. Starta fotoforretning på Sandane i 1895, etter først å ha drive nokre år i Innvik.
(1869–1957). Lærar og vidgjeten spelemann og slåttekomponist.
(1869–1938). Prest og idrettsorganisator.
Anna Mathisdtr. Ommedal
(1871–1952) fødd Lothe, frå Hyen. Lærar. Ho var den første kvinna i fylket som tok seminareksamen (lærareksamen).
(1871–1967) frå Bryggja. Ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett.
(1872-1963) frå Gloppen, busett i Trondheim. Lektor, forskar og folkemusikksamlar.
(1874-1963) frå Søreide. Lærar og målgranskar.
(1874–1942) frå Eimhjellen i Hyen, busett i Naustdal og Bygstad. Lærar og ungdomslagsmann.
(1874–1953) frå Vassenden ved Breimsvatnet. Bolset var arbeidar og rallar, og hadde m.a. vore med på bygging av Bergensbanen, som var ferdig i 1909.
(1875-1961), frå Lote. Busett i Florø. Lærar, redaktør og målmann.
Kristian Hestenes
f. 1876 på Hestenesøyra. Gullsmed, som grunnla det kjende gullsmedfirmaet R. Hestenes i Bergen. Bror til
Ola Mattiasson Hestenes (f. 1864).
(1876–1959). Veterinær, fødd i den tidlegare danske kolonien St. Croix i Vestindia.
(1876–1954) frå Breim. Bilpionér og krutfabrikant.
Anders S. Heien
(1876–1965). Bonde og misjonsmann, som var formann i Nordfjord Krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund og Nordfjord Indremisjon i mange år.
Anna Vereide
(1877-1945) frå Vereide. Sydame og sundagsskulepionér. Starta i 1895 den første sundagsskulen i Nordfjord på Tystad i Gloppen. Ho fekk starta fleire sundagsskular kringom i kommunen, og i åra 1923-1940 var ho reisesekretær for sundagsskuleforbundet i Nordfjord. Krisen reiste ein minnestein over Anna Vereide i 1947.
(1877-1963) frå Sandane. Lærar og organisasjonmann, som m.a. var formann i Firda Ungdomslag 1908–1933.
(1877–1946) frå Selje. Ein av dei mest framståande kunstnarane frå Sogn og Fjordane.
(1878–1935) frå Breim. Bonde og mølleeigar.
(1879-1967) frå Faleide i Stryn. Fylkesagronom og politikar.
|
Anders Holme |
Anders Steffenson Holme
(1879–1948) frå Hyen. Holme skaut den siste bjørnen i Hyen.
Anton Olson Henden
(1879–1942) frå Hennebygda. Bonde og politikar. M.a. varaordførar i Gloppen, og med på skipinga av Firda Mållag om Firda Ungdomslag. Vararepr. til Stortinget for Bondepartiet 1927-1927.
(1879–1923) frå Austrheim. Anleggsarbeidar, slåttekomponist og spelemann.
Absalon Steinsaaker
(1880–1943) frå Breim. Lærar og aktiv ungdomslagsmann som gav ut to diktsamlingar i 1909 og 1923.
Elias Monsen Aardal
(1880–1968) frå Årdal i Breim. Lærar og forfattar, som m.a. gav ut ei minnebok frå heimbygda frå 1890-åra (1955), og to diktsamlingar, den eine med tema frå heimbygda Breim.
(1881–1966). Fabrikkeigar, og son til
Anders Hansen, som grunnla fabrikk på ved Evebøfossen. I 1925 bygde Hans Hansen nytt, stort fabrikkanlegg på Elvaneset under namnet
Evebøfoss Fabrikker. Evebøfoss hadde på det meste vel 100 tilsette.
(1881-1975) frå Lote. Bonde, lærar og politikar.
(1882–1969) på Vereide. Dosent i fysikk ved UiO, og kjend kunstmålar, som m.a. har gjeve ei stor samling måleri til Nordfjord Folkehøgskule.
Knut Haus
(1882–1958) fødd i Jølster, men etter ei tid i USA, busette han seg som bonde i Gloppen. Gav i 1962 ut dikt- og novellesamlinga ”Plogland under vårsol” på eige forlag.
(1882–1963) frå Sandane. P. P. Flølo starta på 1920-talet produksjon av elektriske apparat som varmeovnar, kokeplater og komfyrar etter eigen konstruksjon.
Ragnvald Jensson Andenes
(1883–1968) frå Andenes. Bonde, og den første i Gloppen som starta med reveavl i Gloppen i 1927. Dreiv også sagbruk, eit av dei første i
|
Jon Fitje. (©Fylkesarkivet) |
Gloppen drive med elektrisk kraft.
Jon Fitje
(1883–1929) frå Fitje. Misjonær i Kina 1909-1929. Saman med kona Cecilie arbeidde dei under stor fåre som misjonærar i ei tid med borgarkrig.
(1885-1967). Ingeniør. Hysing er rekna som den personen som har gjort den største innsatsen for utbygging av ålmennforsyning av elektrisitet i Sogn og Fjordane.
Rasmus R. Ryssdalsnes
(1886–1973) frå Ryssdal. Bonde og sjåfør. Han var mellom dei første sjåførane i Gloppen (sertifikat 1916). Vart skyttarkonge på Landsskyttarstemnet i Molde 1932.
f. 1886 i Devik. Meteorolog og fysikar, dr. philos.
(1887–1939) frå Breim. Lærar og skulestyrar.
(1888–1975) frå Ryssdal. Lektor og rektor.
(1888–1949) frå Breim. Utvandra til USA, og gjorde seg kjend som spion under 1. verdskrig.
Rasmus Didrikson Mardal
(1889–1975) frå Sandane. Han vart sjåfør i Fjordenes Automobilselskap i 1913, og var den første sjåføren på ruta Vadheim- Sandane. Han fekk berre køyre om dagen, og med 15 km/t. som maksimumsfart. Han hadde med grindegutar for å opna dei 43 grindane på strekninga.
Einar Larsen Reed
(1889–1958) frå Breim. Lærar som busette seg i Finnmark, og gav ut m.a. eit skodespel i fire akter, ”Mikke Matti” med samiske eventyr i 1948, og barneboka ”Blåmann bukken min” i 1955.
Mathias Rasmusson Ryssdal
(1890–1975) frå Sandane. Mekanikar, som ved sida av Peter Flølo (sjå denne lenger oppe) starta produksjon av elektriske varmeovnar og anna elektrisk utstyr på Sandane på 1920-talet. Son av Lars R. Ryssdal (sjå denne lenger oppe).
(1890–1977) frå Sandane. Arkitekt.
(1891–1976) frå vestre Hyen. Bonde og sjåfør.
|
Kaare Fostervoll. |
(1891-1989), frå Sandane. Bilmekanikar og Arbeiderparti-politikar.
(1891-1981) frå Kristiansund. Skulemann og Arbeidarparti-politikar.
Kristense Steffensdatter Fløtre
(1895–1979) frå Breim. Var læremeister og tradisjons-bærar i kunsten å danse Nordfjord-dansen ”Gamalt”.
Per Antonsen Støyva
(1896–1988) frå Breim. Bonde og spelemann. Vart medlem av
Gabriel Reed sitt orkester ”Breimsmusikken” som 12-åring. Seinare skipa han sitt eige 6-mannsorkester. Han spela i over 200 brudlaup, og var i mange år domar i felespel på landskappleikar. Tildelt heidersteikna frå Firda Ungdomslag i 1968.
(1897–1961). Trykkerileiar og organisasjonmann.
(1898–1987) frå Sandane. Forretningsmann og sentral motstandsmann under 2. verdskrig.