|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gloppen: Gloppen i oljefeberFørste halvdel av 1970-talet vart det meste av kyst-Noreg råka av oljefeber. Dei enorme oljefunna utanfor Vestlandet skulle ha basar og produksjonsplattformer. Publisert 28.02.2002 14:55. Oppdatert 08.03.2002 11:09.LYD OG VIDEO
Store entreprenørselskap overbaud kvarandre i kampen om gode lokalitetar der dei kunne byggje oljeplattformer i stål eller betong. Gaupne i Luster kommune var ei bygd som sat att med brotne lovnader frå denne tida. Ei anna var Gloppen.
I 1974 melde entreprenørselskapet Eeg Henriksen seg interessert i å byggje eit kjempemessig betongplattformverft i Bukta. Her kunne byggjedokk mudrast på den store sandøyra, og god kvalitetssand frå Eide skulle brukast til bygginga. Bygda vart lova minst 500 arbeidsplassar.
Trass mykje skepsis, gjekk likevel eit klårt fleirtal i kommunestyret inn for å oreigne ein stor eigedom i Bukta til verftet, og kommunen regulerte nye bustadfelt like ved. Langs stranda skulle det byggjast djupvasskai.
I denne feberheite tida vart alle oljeretta etableringar langs kysten styrt av ein hardhendt lokaliseringspolitikk: Det enda med at Verdal og Sandnessjøen fekk anlegga for stålkonstruksjonar, og det einaste betongplattformverftet utanom Hinnavågen i Stavanger vart plassert ved Åndalsnes. Der bygde dei to plattformer. Så var det slutt.
Sandane fekk ingenting. Kommunen bygde ut det nye bustadfeltet, men veit 25 år etter ikkje heilt kva ein skal nytte den oreigna garden i Bukta til.
Midt i forhandlingane med Eeg Henriksen, sette skipsbyggjaren Reidar Klungsøyr frå Sunnmøre glopparane i eit dilemma: Han hadde i 1971 starta Eid Verft ved Nordfjordeid. No baud han seg til å byggje eit liknande verft i Gloppen – under føresetnad av at glopparane sa nei til betongplattformverft. Han hevda at det ikkje var arbeidskraft nok til begge deler i Gloppen. – Gloppen valde betongplattformverft – og fekk korkje betongplattformer eller skipsverftet til Klungsøyr.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|