Futar og andre embetsfolk slo ofte under seg store jordeigedomar. Dei valde sjølve kva for ein eigedom dei ville busetje seg på innan embetsdistriktet. Slik vart både fut og sorenskrivar buande på gardar i Hyllestad i korte periodar.
Peder Due som var fut i Nordfjord og Sunnfjord, budde på garden Ulvika i Sørbøvåg frå 1598 til 1622. Frå 1723 til 1729 budde birkefuten på Svanøygodset, Hans Janson Rue, på garden Myklebust i Hyllestad. Denne garden vart seinare prestegard.
Lauritz Mikalson Bugge d. 1649 var sorenskrivar i Sunnfjord. Han busette seg i Sørbøvåg 1637-1649, der han eigde gard.
Frå tidleg 1700-tal var det ekserserplass på "Utstillingsplassen" ved Bøaelva i Leirvik.
Holck-slekta
Den meste kjende offisersfamilien var Holck-slekta, som kom til Leirvik i 1745, der
Ole Isaksen von Holck kjøpte gard. Fleire av Holck-ane var kommandantar for Vestre Ytre Sognske Kompani.
Også andre gardar kring Leirvik vart kjøpte av offiserar som gjorde teneste i kompaniet. Ein av desse var Andreas Adamson Beck, som på 1750-talet eigde "prestegarden" Myklebust og dreiv kro og gjestgiveri der.