SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen:

Meieristrid og bygdespenningar

I 1996 var det bygt spesialmeieri for konsummjølk på Byrkjelo. (Foto: NRK)
I 1996 var det bygt spesialmeieri for konsummjølk på Byrkjelo. (Foto: NRK)
Få saker har ført til meir strid og spenningar mellom bygdene i Nordfjord enn lokalisering av meieri og slakteri. Særleg var dette merkbart i Breim: Breim vart skilt ut som eigen kommune i 1886. Men då vegen gjennom Våtedalen vart opna i 1889, avløyste den Den Trondhjemske Postvei, som i over 100 år hadde gjort Rebakken i indre Breim til sentralt bygdesenter med m.a. kyrkje og to hotell. Våtedalsvegen gjorde at Byrkjelo gradvis utfordra Re som det viktigaste bygdesenteret i Breim.

Publisert 25.02.2002 11:05. Oppdatert 07.11.2006 20:27.
Desse spenningane kom til uttrykk i to lokaliseringsstridar på 1950-talet, då bøndene i fjorden skulle byggje storslakteri og nye meieri. Her orienterte bønder kring Byrkjelo seg mot Stryn, medan bøndene kring Re fann seg allierte i Utvik og Innvik. Desse ”vikjene” var på si side misnøgde med at ”alt” i Innfjorden skulle hamne i Stryn.

Fleire rundar

Den første lokaliseringsrunden starta med meieria kring 2. verdskrig: I 1941 vart småmeieria nedlagde og m.a. erstatta av Nedre Breim Meieri på Re. Forutan Breim, leverte også bønder i Utvik og halve Innvik-bygda til Re. Desse ”vikarane” heldt seg forøvrig lojale til VS i den lokaliseringstriden som seinare fylgde om slakteria.
Gloppen Meieri på Sandane

Andre runde kom då glopparane bygde nytt ”stormeieri” på Sandane på 1950-talet. Heller ikkje då ville indre-breimingane orientere seg nedover mot Gloppen. I staden allierte dei seg med stryningane i Nordfjord Meieri, som bygde to nye meieri; eitt på Byrkjelo og eitt i Stryn.
Nordfjord Meieri avd. Byrkjelo

Slakteristrid

Tilsvarande deling mellom øvre og nedre Breim kom også i den store slakteristriden i Nordfjord kring 1960: Som eit mellomstadium - før tanken om storslakteri i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord kom opp - bygde Vestlandske Salslag eit mindre slakteri på Sandane i 1954. Bønder i indre Breim ynskte dette slakteriet på Byrkjelo, men tapte lokaliseringskampen. Dei sa takk for sist då neste lokaliseringsrunde kom i 1960: Vestlandske skulle byggje store regionslakteri, og stryningane tapte lokaliseringskampen om dette slakteriet, som hamna på Nordfjordeid. Dette førde til raseri og opprør i Indre Nordfjord: Dei braut med VS.
No gjorde bøndene i indre Breim på nytt felles sak med innfjordingane, og bygde Nordfjord Kjøtindustri i Olden, som eit dotterselskap til Nordfjord Meieri.

(Nordfjord Meieri var forøvrig det første meieriet i Sogn og Fjordane som innførte gardstankar og tankbilhenting av mjølk i 1970 ).

Nedlegging og samanslåing

VS-slakteriet på Sandane vart nedlagt i 1964, og dei tre meieria på Re, Byrkjelo og Sandane vart nedlagde i tur og orden sist på 1990-talet.
Stormeieriet på Byrkjelo. (Foto: NRK)
Storsamanslutninga Sogn og Fjordane Meieri (no Tine Meieriet Vest BA) investerte 55 millionar kroner i 1996 i spesialmeieri for konsummjølk på Byrkjelo og har vedteke å byggje anlegget vidare ut for 180 millionar kroner, mellom anna med osteproduksjon. Verksemda sysselset i år 2001 55 personar i produksjon og frakt. Etter utvidinga reknar ein med kring 80 tilsette.

Sjå også:
· Slakteristriden i Nordfjord
· Bondesamyrket på Vestlandet

· Tine Meieriet Vest BA



MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no