|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Flora: Skysskifta Furesund, Hellevik og Kinnasundet | Hellevik i 1890. (Foto © Fylkesarkivet) |
Furesundet ved Florø og Hellevik ved Stavang og Kinnasundet i ytre lei var frå gamalt av dei viktigaste trafikknutepunkta i Flora kommune. Publisert 15.02.2002 10:51. Oppdatert 01.02.2007 11:21.I Furesund og Hellevik har det vore skysskifte og gjestgiveri frå 1600-talet. Skysskaffarane i Furesundet og Hellevik hadde plikt på seg til å skaffe rorskarar når embetsfolk skulle skyssast langs kysten eller innover Sunnfjord. Dei næraste skysskifta var Smørhamn i nord, Sauesund på Atløy og Tingneset i Vevring.
| H. M. Dahl |
I Furesundet overnatta kong Christian VI under norgesreisa si i 1733. Gjennom mykje av 1700- og 1800-talet var det handelsmenn frå Bergen som åtte Furesundet. Frå 1847 til 1891 dreiv kjøpmann H.M. Dahl i Furesundet, og avvikla då brennevinshandelen. Dahl vart siste handelsmann i Furesundet. Då dei første dampskipsrutene med post tok til å trafikkere Bergen-Trondheim, vart skipa ekspederte ved Furesund ved bording frå robåt. Våningshus, eldhus og fleire sjøbuer frå 1700-talet står framleis att i Furesundet.
Det gamle skysskiftet og gjestgiveriet Hellevik låg i Stongasundet mellom Stavøya og fastlandet. Dei fleste av dei 10 bygningane er no borte. Hovudhuset vart øydelagt sist på 1980-talet. Den første kjende gjestgjevaren er Albert Pederson i 1682. Frå 1750 overtok Ludvig Martens, og Hellevik var i denne slekta si eige til 1891. Då var det også slutt på handelsverksemda og gjestgiveriet.
Ved den ytre kystleia låg handelsstaden og skysskiftet i Kinnasundet. Skysskiftet spela ein sentral rolle som kommunikasjonssenter under dei store sildefiskeria kring øyane.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|