Særleg viktig landingsplass for Shetlandsgjengen vart Dombevågen på Hovden. Her budde den uredde
Martin Domben. Han husa flyktningar som skulle vestover og tok imot norske sabotørar vestfrå.
I 1943 husa han Ragnar Ulstein, Nils Fjeld og Harald Svindseth i sju veker etter at dei i operasjonen "Vestige I" hadde utført sabotasje mot tyske skip i Svelgen (sjå "
Krigshistoria i Bremanger"). Den 14.oktober 1944 kom Ragnar Ulstein og Harald Svindseth tilbake til Martin Domben - no med ansvaret for å byggje opp
Milorg i Sogn og Fjordane. Gruppa frå Kompani Linge talde forutan Ulstein (leiar) og Svindseth også Nils Fjeld og Nils Thorsvik. I løpet av nokre vekar skulle dei unge soldatane byggje opp og trene ein norsk motstandsstyrke, organisere samband og transportruter for våpen frå kysten og innover i landet.
Martin Domben skyssa soldatane til indre Sogn - med våpen og radioutstyr løynd under ei last med skjelsand. Gruppa med kodenamnet "Siskin" oppretta hovudkvarter i Sogndalsdalen. Etter ei tid såg Ulstein at heile fylket vart for stort arbeidsområde, og han sende difor Harald Svindseth til Ålfotdalen, der han fekk ansvaret for å byggje opp
Milorggruppa "Snowflake". I løpet av nokre få veker vart det sett opp ein "hær" på mellom 500 og 600 mann i Sogn og Fjordane, men organisasjonen vart riven opp i februar-mars 1945 (sjå "
Opprullinga av Milorg") og over 70 personar arresterte, nokre grovt torturerte. Mellom desse var Martin Domben, som vart
arrestert i Davik etter at båten hans vart oppdaga ved Torheim, der Gestapo hadde gått til aksjon mot Ivar Torheim og hans familie (sjå "
Krigshistoria i Eid").