SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora - godset på Svanøy:

Futesete og adelsgods

Svanøy hovudgard. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Svanøy hovudgard. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Etter at den dansk-norske kongen kverrsette alt kyrkje- og klostergods ved reformasjonen i 1537, gjekk det ikkje lenge før storgarden på Bru vart sete for futen i Sunnfjord.

Publisert 12.02.2002 13:45. Oppdatert 19.02.2002 15:03.
Men Kongegodset vart dei første åra bygsla m.a. av Hans Finsøn Rostvig. Frå 1575 vart garden futegard for Sunnfjord, og avløyste dermed Fure i Fjaler for ei tid (sjå "Historia i Fjaler"). Dei første futane på øya Bru var Laurits Skjøt, Peder Due og Nils Busch. Men også stiftsskrivar Anders Matsen fekk bruke Bru som embetsgard i 14 år før København-bispen Hans Svane overtok.

Øya Bru vert adelsgodset Svanøy

Lysekrune i hovedhuset. (Foto: Thomas Hellum, NRK)
I 1662 fekk den mektige og søkkrike erkebispen av København, Hans Svane, storgarden på Bru og 339 gardar i Sunnfjord attåt av kong Fredrik III som oppgjer for lån som bispen hadde ytt til den krigslystne kongen. Kongegodset i Sunnfjord utgjorde då 40 prosent av samla jordskuld, og hadde 759 leiglendingar. Svane fekk også rett til å drive inn kongens tiende i heile Sunnfjord.
Hans Svane døydde i 1668, og enkja, Marie Fiuren Svane styrde eigdomane til 1698. I 1685 fekk ho kong Christian V til å gjere godset til adeleg setegard, og endra namnet frå Bru til Svanø (etter mannen sin, Hans Svane).

Birkerett og lokalt einevelde

Statue i hovedhuset på Svanøy. (Foto: Thomas Hellum, NRK)
Mellom privilegia som høyrde til setegardar, var birkeretten. Denne rettsordninga gav godseigaren nærmast eineveldig makt over leigledningane sine. M.a. fungerte birke-tinget som domstol, der godseigaren både oppnemnde domar (måtte godkjennast av kongen) og dreiv inn bøtene som vart målte ut. Domstolen var i praksis heilt i lomma på godseigaren, for oftast var det nære slektningar som fekk ombodet. Både på Svanøy og elles førte dette til mykje vanstyre og overgrep mot vanlege folk. Ifylgje historikaren Ernst Sars kom birkeretten frå Danmark og var ei ukjent ordning i Norge før 1660. På Vestlandet var det elles berre baroniet i Rosendal, Lysekloster og Halsnøy kloster som hadde birkeretts-mynde.

Birkedomarordninga på Svanøy varde til 1821, då den vart slegen saman med sorenskrivarembetet for Sunnfjord. Fram til då hadde altså Sunnfjord to domstolar. På rettstinga kringom i bygdene møtte både sorenskrivaren og birkedomaren til Svanøy-godset opp og sorterte sakene seg imellom. Men ofte var det bitter strid dei imellom om kven som hadde domsrett til kva.

Fram til 1718 eigde Svanes arvingar Svanøy-godset, men ingenting viser at nokon av Svane-folket vitja Svanøy. Godset vart styrt av forvaltarar som ofte for hardt fram med undersåttane.

Neste side:
· Tysk eventyrar og Bergens-kremmarar tek over
Førre side:
· Maktsenter i landsdelen
Hovedside:
· Svanøy-godset


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no