|
Alex Vassbotten. |
I 1972 vart
Svanøy Stiftelse skipa, og starta like etter oppdrett av laks og aure på Svanøy - delvis for forsking, men også for konsum. Mange av dei som seinare bygde store anlegg sjølve, som
Ola Braanaas, Elin Tveit Sveen/Trond Sveen og Alex Vassbotten gjekk "læretida" si på Svanøy. Også Bernhard Underlid på Bjørset aust for Florø gjorde tidleg på 1970-talet forsøk med aureoppdrett, utan at det vart lønsam drift.
Ein annan oppdrettspionér var Erling Karstensen som starta oppdrett av laks og aure på Batalden. Han kjøpte eit eldre fryseri i Vesterålen og sette det oppatt på Holem i Batalden.
Det var først kring 1980 at oppdrettsnæringa tok til å vekse for alvor i Flora. Då starta Bergen Fiskemat lakseoppdrett i Rognaldsvåg.
Småskala distriktsnæring - eller stordrift?
Det var på denne tida at norske styremakter for alvor skjøna at oppdrettsnæringa kunne verte ei av våre viktigaste, distriktsbaserte eksportnæringar i framtida. Det vart politisk strid om konsesjonspolitikken. Skiljet gjekk etter dei same politiske grenser som m.a. striden om fossekrafta og konsesjonslovene fylgde kring 1900. Fram til tidleg 1980-tal hadde ein stort sett gjeve oppdrettsløyve til småanlegg med lokale eigarar: Oppdrett skulle vere ei typisk "attåtnæring" for utkantfolk. På Stortinget og i den borgarlege samlingsregjeringa vart det politisk strid: Høgre ynskte frislepp for både oppdrett og setjefiskanlegg, Senterpartiet på si side ville ha sterk konsesjonsregulering av begge. Det enda med kompromiss: Oppdrett vart strengt konsesjonsregulert, medan det i praksis vart frislepp for etablering av setjefiskanlegg. Resultatet vart ein enorm overkapasitet av setjefiskanlegg på kort tid, og konkursraset var uunngåeleg.
Store på setjefisk
|
Ola Braanaas. |
Mellom dei som starta setjefiskproduksjon i denne tida, og som greidde seg gjennom krisa, var tre anlegg i Flora:
Svanøy Stiftelse, som hadde produsert setjefisk ei tid.
Firda Settefisk i Norddalsfjorden med
Ola Braanaas i spissen, og
Gudmun Strømsnes som i samarbeid med oppdrettsgründeren Kristen Strømmen (sjå "
Fiskeoppdrett i Bremanger") kom i gang på Haukå. (I 1990 starta Inge Helge og Alex Vassbotten ved Steinvik Fiskefarm saman med Dagfinn Ellingsund setjefiskanlegg i Barlindbotn).
|
Elin Tveit Sveen. |
I 1985 vart det lyst ut ein ny, stor konsesjonsrunde for oppdrett. Då starta Elin og Trond Sveen saman med Gunnar Stavøstrand Marø Havbruk på Svanøy, og Alex Vassbotten starta Steinvik Fiskefarm ved Høydalsfjorden. Svanøy Stiftelse fekk også tildelt to nye oppdrettskonsesjonar. Alle desse selskapa eksisterer framleis som sjølvstendige oppdrettsselskap. Andre oppdrettsanlegg både i Flora og elles i fylket hamna etterkvart i eit av landets største oppdrettsselskap, det Florø-baserte
Go-Fish, eigd av parhestane Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas.
|
Steinvik fiskefarm. (Foto: Steinar Lote, NRK) |