SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Flora:

Fabrikkar, verkstader og verft i Flora

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Publisert 04.02.2002 11:04. Oppdatert 05.09.2007 11:36.
Sjå også:
· Sildoljefabrikkane
· Hermetikkfabrikkane
· Sildefiskernes Fabrikklag
· Industri og næring i Flora

ENKELTOMTALER:

Sagbruk i Terdalen

Frå tidleg 1600-tal kjenner ein til at det har vore sagbruk i Terdalen, som ligg på Nordsida av Nordalsfjorden.

Kopargruva på Svanøy

var ei av dei største industriverksemdene i Sunnfjord kring 1. verdskrig.

R. Angell-Jacobsen Trykkeri

vart skipa i Florø i 1872 som det første trykkeriet i Sogn og Fjordane. Trykkeriet hadde m.a. trykkinga av Nordre Bergenhus Amtstidende.

Jens Severin Bloch Helmers

- sagbruk, høvleri, tønnefabrikk, salteri og fiskebruk.

Brørne Lyder og Bertinus Sunde

starta i 1893 landhandel, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg.

Florø Mekaniske Verksted

vart skipa i 1905 av smed Lars Berntsen. Han bygde mekanisk verkstad og det som til då var største slippen i distriktet.

M.M. Myklebust kjøtforretning

vart skipa i 1908, og dreiv slakteri og pølsefabrikk, og sysselsette over 20 personar. Firmaet tok også imot kvalkjøt, og hadde leveransar over heile landet av spesialiteten sin, som var spekekjøt og pinnekjøt.

Albert Eikefjord

- fiskebåtreiarlag og tønnefabrikk.

E. Natviks Prenteverk

vart grunnlagt i 1909 av Erik Johannesson Natvik frå Naddvik i Sogn.

Ole A. Eikefjord

landhandel, tønnefabrikk og møbelverkstad. Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under Albert Eikefjord).

A. Myklebust

starta i 1910 dampbakeri i Florø.

Von Gartneri L/L

vart skipa i 1910 av Alfred Hegranes som eit av dei første i Sogn og Fjordane. Gartneriet vart drive vidare av familien, og har hatt åtte personar i fast arbeid, forutan sesonghjelp. Gartneriet er nedlagd.

Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk

Bygd i Årebrot nord for Florø. Grunnlagd i 1911 av Johan Larsen.

Georg Gregoriussen

- fiskemottak, sildesalteri, sildolje- og fiskemjølfabrikk.

Firda Fruktkonserveringsfabrikk

vart skipa i Florø i 1919.

Tønnefabrikantane Hovland

I mange Sunnfjordbygder, særleg kring Dalsfjorden, Gaular og i Eikefjorden, utvikla produksjon av tønner seg til ein viktig heimeindustri på 1800-talet.

Firda Frugtkonservering

var ein saftfabrikk som vart starta i Florø kring 1920. Den heldt til i Strandgata 36 og var ei avdeling av Rauma Saftfabrikk. Seinare tok Arne Sunde over drifta av fabrikken, som vart lagt ned truleg like før 2. verdskrig.

Brandsøy Planteskule

vart skipa i 1921 av Bergens Skogselskap for å dyrke skogplantar til planting i Sogn og Fjordane. Då Bergens Skogselskap vart delt fylkesvis i 1941, overtok Sogn og Fjordane Skogselskap planteskulen.

Olav Sande - forretningsmannen

- starta m.a.:

Radiofabrikken Vest Radio
A/S Momentan
Urmakarforretning



Sindres Slip og Mekanisk Verksted

1927 - sjå Florø Mekaniske Verksted.

Nils Nilsen Slipp og Mekanisk Verksted

vart skipa i 1927 av Nils Nilsen, og hadde kring seks personar i arbeid. Slippen kunne hale opp fiskebåtar på inntil 60 fot.

Florø Meieri (Sunnfjord Meieri)

vart skipa i 1928 av bergensaren Laurits Tvedt. I 1933 vart det teke over av leverandørane, og i 1944 vart namnet endra til Sunnfjord Meieri. Meieriet bygde nytt anlegg i 1952, men vart etter hard strid lagt ned i 1991.
Sunnfjord Meieri ca. 1980

Svanøy Båtbyggeri og Slipp

vart starta i 1929 av Hermann Tveit. Verkstaden bygde trefarty opptil 90 fot, og sysselsette kring 10 personar. Båtbyggeriet er framleis i drift.

Skudal Slipp & Mek. Verksted

starta i 1932 av Bertel Nilsen og hadde sju personar i arbeid på det meste. Slippen låg der Snorre Senter vart bygd på 1980-talet.

Bjercks Konfeksjonsfabrikk

vart skipa i 1933 av Oluf Bjerck, som starta med fem syersker. Bygde ny fabrikk i 1947. Verksemda vart avvikla på 1970-talet og bygningen leigd ut til andre føremål.

Florø Møbel- og Trevarefabrikk A/S

vart skipa i 1941 av Ole Røyseth Brende. Fabrikken hadde opptil 20 personar i arbeid.

G. Solheim Trevareindustri

vart skipa i 1945, sysselsette fire personar og produserte dører, vindauge og kjøkkeninnreiingar.

Rolf Ulriksen

starta i 1947 snikkarverkstad. Bygde eigen fabrikk for innreiingsartiklar i 1950, og sysselsette seks personar.

Florø Støperi

vart skipa i 1947 av Torleif, Leif og Alf Larsen. Firmaet laga utstyr og maskindeler til fiskeflåten, landbruk og industri, og sysselsette 15 personar.

Tønnefabrikken Solid A/S
Storebru Landhandel og Møbelverksted

- sjå Ole A. Eikefjord.

K. Amundsen Metallstøyperi

dreiv frå 1949 og nokre år metallstøyperi i Florø, der dei produserte skipsventilar, maskindelar og garnutstyr til fiskeflåten.

Ankerløkken Verft

Ankerløkken-eventyret starta i Florø i 1949 og enda med hjørnesteinsbedrifter i både Flora og Førde. Verftet har seinare vore eigd av Kleven og Kværner.

Heggøs Båtbyggeri & Slip

vart skipa i 1950 av Anders Heggø. Slippen sysselsette 5-6 mann, og kunne reparere båtar på opptil 70 fot.

Felleskjøpet i Florø

Felleskjøpet, opphaveleg Vestlandske Kjøpelag, etablerte seg i Florø i 1949 og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager i 1954.

Seljestokken Båtverkstad

på Seljestokken vart starta av Norvald Seljestokken tidleg på 1960-talet. Seinare overtok sonen Torleif Seljestokken. Vedlikehaldsverkstaden har tre tilsette.

A/S Ekvator

Starta i 1963 produksjon av elektriske varmeomnar i Florø. Verksemda var då flytta frå Oslo, og fekk frå starten 47 tilsette i Florø.

West Industri Service

vart skipa 1974 av Ludvik Brandsøy, men høyrer no til INC-gruppa. Driv som mekanisk verkstad med rørlegging som spesialitet. Hadde i 2000 ei omsetning på 48 millionar kroner, og 70 tilsette.

Sunnfjord Produkt A/S

er ei verna verksemd som vart starta i Havreneset i Florø i 1979. Opptakten gjorde Sunnfjord Vanførelag i 1973. Verksemda har kring 50 personar i arbeid, og produserer m.a. hagemøblar og utstyr til oljeindustrien. I 2003 skifta selskapet namn til Origod AS.

NBN Elektro AS

vart skipa i 1979 av Per A. Nødseth.

Årebrot Sag

vart starta tidleg på 1980-talet av Helge Kleiven. Då han i 2001 flytta firmaet sitt til Måløy, overtok Ronny Brandsøy verksemda på Årebrot, som driv sagbruk, palleproduksjon og trelasthandel.

Eikefjord Mekaniske Verksted

vart skipa i 1986 av Magnar Sunnarvik, Svein Sigdestad og Allan Tonheim. Verksemda er underleverandør av rør og stålkonstruksjonar m.a. til skipsindustrien. I år 2000 hadde verksemda 26 millionar kroner i omsetning og 40 tilsette.

Eikefjord Marine

Skipsverft i Eikefjord bygd i 1987. Er overteke av INC-gruppa under namnet Norwegian Marine.

Vestnes Produkt AS

- sjå A/S Ekvator.

Kleven Florø

- sjå artikkelen Ankerløkken Verft.

Fiskefôrfabrikken EWOS

I løpet av 1990-talet vart EWOS bygd ut til å bli ein av verdas største fiskefôrfabrikkar, med ein årsproduksjon på 150.000 tonn.

Vestnes Innreiing AS

- sjå A/S Ekvator.

Kværner Florø

- sjå Ankerløkken Verft.

Vest Montering A/S

vart grunnlagt 1991 av Ludvik Brandsøy (sjå også West Industri Service lenger oppe). Verksemda driv rørhandel og mekanisk industri, m.a. produksjon av utstyr til oljeindustri og oppdrettsnæring, og har reisemontørar. Har i 2001 kring 85 tilsette, og åromsetninga varierer mellom 50 og 70 millionar kroner.

Origod AS

- sjå Sunnfjord Produkt, startår 1979.

Vestnes Produkt

- sjå A/S Ekvator.

Norwegian Marine

- sjå Eikefjord Marine.

Florø Bil & Havneservice

- sjå Florø Mekaniske Verksted.

Kleven Design

- sjå artikkelen Ankerløkken Verft.

Norwegian Sandstone Production AS

vart skipa i 2005 for å drive steinbrot og steinknuseri på Seljestokken.

Fokus Elektro AS

vart skipa i Florø i 2005 av Svein Nødseth, Tore Nyttingnes og Magnar Nordal. Verksemda fekk fem tilsette frå starten, og har hovuddelen av monteringsoppdraga frå industrien.

Aker Yards

-sjå artikkelen Ankerløkken Verft.

Flora Deckhouse AS

vart skipa i Florø i 2007 og arbeider med levering av ferdige overbygg til skip. Bak selskapet står Vestnes Innredning AS, Sigurd Solberg AS og Konnerud Consulting West AS.


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no