Gjennom giftarmål var han nært knytt til Venstre-høvdingane Johan og Harald Ulrik Sverdrup (sjå
Balestrand kommune), men representerte sjølv Høgre på Stortinget – først som vararepresentant 1877-1879, og som fast representant 1880-1882. Etter at han flytta til Brevik, var han tre gonger stortingsrepresentant derifrå. Vart boden plass som statsråd i Emils Stangs regjering, men takka nei.
I tida i Florø var han med og grunnla "
Nordre Bergenhus Amtstidende" og eigde fleire bygningar i sentrum som seinare er tekne over av handelsfamilien Trovik.
Han var ein av skiparane av
Florø Træplantningsselskab kring 1870. Dette selskapet skogkledde Storåsen og Likkjeåsen og bygde gangstiar rundt i terrenget.
Livius Smitt har fått ei gate oppkalla etter seg i Florø.