SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Lærdal:

Lærdalsøyri som nasjonalt knutepunkt

Lærdalsøyri i 1846, etter teikning av J. N. Prahm, frå Årbok for Sogn 2006
Lærdalsøyri i 1846, etter teikning av J. N. Prahm, frå Årbok for Sogn 2006
Lærdalsøyri var på 1800-talet den største tettstaden i Sogn og Fjordane. Tettstaden hadde sitt opphav og eksistensgrunnlag i handel og samferdsle mellom Austlandet og Vestlandet.

Publisert 23.01.2002 09:14. Oppdatert 23.01.2007 11:25.
Lærdal og Filefjell var frå gamalt av den viktigaste ferdsleåra mellom aust og vest: Her gjekk postruta frå 1647, og her gjekk Kongevegen. Nokre av dei første dampbåtrutene i Noreg vart sette opp mellom Bergen og Lærdalsøyri på 1840-talet, og i 1858 vart den første "stamlina" for telegrafen Oslo-Bergen lagt om Lærdal. Seinare var det aktuelt å leggje Bergensbanen om Lærdal, og i 1992 gjorde Stortinget endeleg vedtak om at stamvegen Oslo-Bergen skulle gå om Lærdal. I 2000 opna kong Harald 5. Lærdalstunnelen og stamveglina.

Heilt frå 1500-talet har Lærdalsmarknaden vore det sentrale møtepunktet i handel og varebyte mellom Aust- og Vestlandet. På Lærdalsøyri slo det seg ned ei mengd handverkarar og kjøpmenn. Så tidleg som i 1643 høyrer vi at presten Tomas Willumsen tek borgarskap i Bergen og driv handel på Lærdalsøyri.

Strandstaden vart ein av dei første innfallportane for turismen, den nye næringa på slutten av 1800-talet. Bygda hadde eksersisplassen for Sogn det meste av 1800-talet.

Lærdalsøyri i nyare tid

I samband med bygging av kring 1970, vart ein stor del av tunnelmassane brukte til utfylling av elvegrandane på Lærdalsøyri. Eit av bygga som vart reiste på det nyvunne tomtelandet var Offerdal Hotell i 1971. Sjølv om den første "byplanen" vart teikna i 1842, fekk ikkje tettstaden reguleringsplan før i 1946.

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no