SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Lærdal:

Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm

Lærdalsøyri med hovedbygningen til Lindstrøm hotell i 1920-åra. Bygningen til høgre er
Lærdalsøyri med hovedbygningen til Lindstrøm hotell i 1920-åra. Bygningen til høgre er "Kofoeden". (Foto © Fylkesarkivet)
Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri er eit av dei eldste og særprega hotellanlegga i Sogn og Fjordane, og med ei mangslunga, fargerik og dramatisk historie:

Publisert 16.01.2002 11:30. Oppdatert 28.04.2004 11:11.
Lærdalsøyri var frå 1648 skysstasjon på ruta over Filefjell. I 1845 starta Jørgen Christian Lindstrøm og kona Birgitte Mathea frå Bergen landhandel på Lærdalsøyri, med plikt til å ta imot reisande. Stamfaren til familien var Ole Lindset frå Sunnmøre, som flytta til Bergen i 1750 og tok familienamnet Lindstrøm. Jørgen Chr. Lindstrøm tok då over handelen etter Johan Joakim Møller på Lærdalsøyri, etter å ha gått i lære hos landhandlar Foss i Sogndal ei tid. Handelen heldt til i det som vart kjent som "Lindstrømbui" ved den gamle busshaldeplassen. Ei tid dreiv han også sildesalteri i Kinn.

I 1853 kjøpte Lindstrøm huset til apotekar Andreas Agersborg (sjå Lærdal Apotek). Dette huset var grunnstammen i det hotellkomplekset som Lindstrøm etterkvart bygde i sentrum. Hotellet hadde frå starten eige gardsbruk, og var stort sett sjølvberga med mjølk og kjøt til hotelldrifta.
Johan Christian vart dampskipsekspeditør i 1865, og bygde dampskipskai og pakkhus i Habben på sørsida av øyra.

Lindstrøm-familien styrde dampskipsekspedisjonen i Lærdal til 1967. Andre generasjon, Ole Johan Lindstrøm, overtok drifta av eigedomane berre 22 år gamal då faren døydde i 1871. Han kjøpte det såkalla "Kofoeden" på andre sida av gata frå sakførar Hans Ramshard Kofoed då denne vart sorenskrivar i Nordfjord. I 1885-1886 vart både hovudbygningen og "Kofoeden" påbygde og utstyrte med altanar i sveitsarstil. I 1898 kom så "Nybu" til. Dette huset står framleis med sin karakteristiske sveitsarstil i "hotellhagen".

· Styrtrike og eksentriske turistar
· Brannen på Lindstrøm hotell


Lindstrømbui

Landhandelen Lindstrømbui heldt til ved den gamle busshaldeplassen frå starten i 1849 og til den flytta inn i nybygget i 1968. Arne Tønjum var butikkbetjent på Lindstrømbui i 40 år frå 1948. Lindstrøm dreiv sjølv kafeteria og daglegvarehandel i nybygget i fleire år. I år 2001 er det Kiwi-kjeden som driv butikken.
Gamledelen av Lindstrøm Hotell i Lærdal. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)


MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no