SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Stryn:

Mindresunde og Langvin jordbruksskular

Arbeid med sleperive på Mindresunde jordbruksskule i 1945. I bakgrunnen er Oppstrynsvatnet og Sunde. (Foto © Fylkesarkivet)
Arbeid med sleperive på Mindresunde jordbruksskule i 1945. I bakgrunnen er Oppstrynsvatnet og Sunde. (Foto © Fylkesarkivet)
Mindresunde – allsidig storgard ved utløpet av Strynevatnet er den største garden i Stryn. Mindresunde hadde frå 1791 til 1886 vore militær sjefsgard for Strynske Compagnie.

Publisert 15.01.2002 11:42. Oppdatert 23.01.2007 11:47.
Før jordbruksskulen for Nordfjord vart grunnlagt der i 1920, var det skysstasjon og hotell på Mindresunde gard.
Olav Karstad

Den store hotellbygningen høvde godt som skule og elevinternat. Olav Karstad var styrar så lenge skulen låg på Mindresunde.

Leigeavtalen for Mindresunde gard gjekk ut i 1945, men fylket fekk lengd avtalen inntil ein hadde fått ordna med ny gard til jordbruksskulen. Stryn kommune gjorde alt den kunne for å halde på jordbruksskulen: Dei gjorde avtale om kjøp av garden Mindresunde for å overdra den vederlagsfritt til fylket, og baud også fram garden Storesunde for fylket.
Også andre gardar i Nordfjord vart bydde fram som ny skulestad: Høylo i Breim, Vereide prestegard og Davik prestegard.Men i Innvik hadde kommunen fått hand om prestegarden og baud den vederlagsfritt til fylket.

Jordbruksskulen har lege på Langvin sidan 1950.

Flytting til Langvin

Driftsbygning på Langvin.
I 1945 vedtok fylket å flytte skulen for Nordfjord til Langvin i Innvik, og flytta jordbruksskulen dit i 1951. Eit avgjerande argument for å flytte til Innvik, var at bygda låg lagleg til for fruktdyrking.

Ei tid var det på tale at Det Norske Indremisjonsselskap ville byggje eigen landbruksskule ein stad på Vestlandet. Langvin var då aktuell, men Kyrkjedepartementet heldt fast på at det var fylket som skulle overta Langvin til jordbruksskule. Ei tyskarbrakke vart flytta frå Stryn til Langvin og nytta som internat og skulebygning dei første åra. I 1973 brann den store driftsbygningen ned, men alle husdyra vart berga.

Nedlagd i 1995

Langvin vart nedlagd som jordbruksskule i 1995, og ei stifting har ansvaret for å finne nytte i skulebygningar og jordbruksland til andre føremål, m.a. urtedyrking.

Elevar horvar åker med traktor på Langvin.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no