|
Oppstad-veven blir synt fram på ei vevutstilling i Florø i 1999. (Alle foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
Randi Blehr (1851-1928) kom til Lærdal i 1878. Ho var gift med sakførar og seinare statsminister
Othto Albert Blehr, som fram til 1888 dreiv advokatpraksis på Lærdalsøyri. Randi vart ei av dei fremste kvinnesakskvinnene i si tid, men fekk også avgjerande betydning for norsk vevkunst:
I den nasjonale reisingstida på slutten av 1800-talet kom gamal husflid på moten, og store kunstindustrimuseum vart bygde i Oslo, Bergen og Trondheim. Randi Blehr var ein av dei fremste entusiastane. Ho oppmoda gjennom "Sogns Tidend" kvinner til å satse på husflid. Slik fekk ho kontakt med Ragnhild Hauglum i Fresvik som kunne fortelje at dottera
Kjerstina Hauglum på tjue var svært god til å veve det ho kalla "gamaldags veving". Dette viste seg å vere tilnærma den eldgamle norske biletvevteknikken som ein rekna med var utdøydd på 1700-talet.
Ei av dei som hadde beundra dei gamle norske biletvevane, var Frida Hansen (1855-1931) i Stavanger. Ho kom frå ei fallert riksmannsfamilie, og måtte m.a. livnære seg med reparasjon av finare saum og broderi. Ein dag kom ei kvinne til Frida med eit skada biletvevteppe. Frida Hansen la merke til den spesielle vevteknikken i det eldgamle teppet: Teppet var likt på begge sider, men Frida forsto ikkje korleis det var gjort.
I Sogn fann både ho og andre bindelekken til fortida: Kjerstina Hauglum. Og det var Randi Blehr som knytte banda mellom fortid og notid:
I 1889 skipa Randi Blehr til det aller første biletvevkurset i landet i Lærdal. Kurset varde i 3 månader og fekk 47 elevar. Dei fleste var kvinner frå indre Sogn, men også "kondisjonerte" frå andre kantar av landet deltok - mellom dei Frida Hansen. Frida utvikla den gamle "oppstadveven" vidare, og vart etterkvart ein internasjonalt kjend kunstnar innan art nouveau-rørsla (jugendstilen). I 1897-1906 leia ho Det norske Billedvæveri, som stort sett arbeidde etter hennar kartongar (mønster).
Kjerstina Hauglum (1867-1915) frå Fresvik vart gift med jekteskipper
Johannes Nilson Vangsnes.