|
I dei beste sesongane var det fleire hundre fiskebåtar i Måløy på same tid. |
Det store sildeeventyret på Vestlandet – med Måløy og Florø som senter – starta 1947. Totalt samla vintersildfisket kring 27.000 fiskarar i dei beste sesongane. Både i Måløy og Florø rekna ein med at det samla seg 1.000 fiskebåtar, og opptil 10.000 fiskarar. I tillegg gav sildesesongen arbeid til tusentals personar på buder og i lossegjengar.
Toppåret var 1956, då samla kvantum kom opp i 12,3 mill. hektoliter. Av dette vart 6,4 mill. hektorliter landa i Sogn og Fjordane. På hamna i Måløy låg ”Betelskipet”
Elieser 5 med sjukestove og andaktsrom, og tok skuleklassar på dagsturar ut på fiskefelta. I desse åra vart
Kvalheim & Co. den største og leiande fiskeverksemda i Måløy, ved sida av
Måløy Sildoljefabrikk A/S.
Meir enn dobla folketal
|
Silda gav svært mange arbeidsplassar i Måløy. |
Folketalet i Måløy vart i desse åra meir enn dobla. Store fiskebuder og fryseri i betong vart bygde langs heile stranda frå Gotteberg til Sæternes, og slippar og forretningsfolk opplevde ein gullalder. På nytt tok måløyværingane opp spørsmålet om bystatus utan å lukkast. Det vart heller ikkje noko av planen om eigen flyplass ved Skramsvatnet, og spørsmålet om fastlandssamband enda med ein årelang strid om bru eller tunnel. Brua kom først i 1973. Ein viktig milepæl for Måløy i handelen med utlandet var då Måløy vart eigen tollstad midt på 1950-talet.
Blømde på Raudeberg
|
Sildeflekking. |
På Raudeberg var sildeåra på 1950-talet også ei blømingstid, men likevel ikkje i same omfang som i Måløy. I 1955 bygde
Sogn og Fjordane Fiskesalslag eit av sine største mottaksanlegg og fryseri på Raudeberg. Elles satsa mange næringsdrivande på Raudeberg på klippfisk- og tørrfiskproduksjon. Ei tid hadde bygda 10 elektriske tørkeverk for klippfisk.
I Vågsvåg bygde eigar av handelsstaden Vågsberget, skipsreiar Johan Horn (sjå
Jacob Kjøde) ut eit stort mottak og fiskemjølfabrikk i desse åra. Anlegget hadde opptil 100 tilsette.