Første oreigninga til kraftføremål
I
Kviafossen sette kvernhuseigarar og andre seg imot at vassfallet skulle nyttast til kraftproduksjon, og kommunen måtte oreigne i 1911. Dette skulle vere første gong at ein tydde til oreigning i ei slik sak her til lands, hevdar bygdebokforfattaren Edvard Os. Grunnen til den harde striden om Kviafossen var at det låg laksegardar og ei mengd sager og andre småbedrifter som var drivne med vasshjul i fossen, og som kunne verte skadelidande dersom det nye kraftverket for av med mykje av vatnet.
Det kommunale elektrisitetsverket bytte seinare namn til Eid Energi. Det vart frå årsskiftet 2001/2002 skipa som heileigd dotterskap av Ytre Fjordane Kraftlag (YFK), som i 2002 vart ein del av Sogn og Fjordane Energi (SFE).
Balsnes Elektrisitetsverk
Balsnes Elektrisitetsverk på Hauane vart bygd ut i 1937. Dette var det største av småkraftverka og var i drift til 1961.
Stårheim Kraftlag bygde ut forsyningsnett i Stårheim, men kjøpte krafta m.a. frå Balsnes Kraftverk, og frå 1953 frå Firdakraft sin nye stasjon i Øksenelvane (sjå
Gloppen kommune).
Elles vart det i tida frå 1915-1950 bygd ei mengd gardskraftverk kringom i kommunen.
Eid Energi
Det kommunale Eid Energi er skipa som heileigd dotterskap av
Ytre Fjordane Kraftlag - YFK frå årsskiftet 2001/2002.
I 2003 bygde Eid kommune ut eit stort anlegg på Nordfjordeid for varmegjenvinning frå Eidsfjorden.