SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Årdal:

Ferdsla på fjorden i Årdal

Årdalsfjorden. (Foto: NRK)
Årdalsfjorden. (Foto: NRK)

Dampskipsrutene

Årdalstangen fekk dampskipssamband i 1869, 11 år etter at Fylkesbaatane starta rutene sine. Eit par år seinare vart det bygd kai med Nils Qvam frå Sogndal som ekspeditør.

Publisert 30.11.2001 09:59. Oppdatert 02.03.2007 12:05.
Naddvik og Ofredal fekk faste rutestopp frå 1895. Seimsdal fekk båtrute i 1931.

Skysstrafikk

Olav Lægreid (1878-1966) kjøpte motorbåt i 1912, og var ein av dei første som dreiv skysstrafikk mellom dei veglause grendene langs Årdalsfjorden.
D/S "Fanaraaken" ved kai på Årdalstangen. Ute på fjorden ventar skip på plass ved verkskaien. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.

Knutepunkt for Fylkesbaatane

Då aluminiumsverket kom i drift i 1947, vart Årdal eit at dei viktigaste trafikkpunkta for Fylkesbaatane, både for godstransport til og frå verket og for transport av jordbruksvarer og arbeidsfolk frå andre Sognebygder til den nye industribyen. I 1964 ytte Årdal kommune tilskot til dagleg mjølkerute frå Solvorn i Luster til Årdalstangen. Jørgen Offerdal dreiv også mjølkerute med "Kvelding" og "Offerdal" frå Lærdal til meieriet på Årdalstangen.
"Kvelding" som gjekk i mjølkeruta på Årdalsfjorden ved kai på Årdalstangen. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.


Tangen vart endestogg

Då Fylkesbaatane starta snøggrutene med dei nye skipa "Sognefjord" og "Sunnfjord" i 1949, vart Årdalstangen endestopp på ruta Sogn-Bergen. Desse skipa hadde også spesialutstyr med dreieskiver på dekk slik at dei lett kunne frakte bilar.

Ferje Tangen-Kaupanger

På Årdalstangen vart det bygt ferjelem i 1957 og starta ferjerute til Kaupanger.
Fram til vegen til ferjeleiet på Fodnes vart opna i 1993, hadde Årdal ferjesamband frå Årdalstangen til Kaupanger. Ferjereisa tok 1 time og 20 minutt. Ferja gjekk også opp under Naddvik og Ofredal før desse bygdene fekk vegutløysing mot Årdal.

Ekspressbåtruta på Sogn

I 1971 starta Fylkesbaatane som eitt av dei første trafikkselskapa i landet med hurtiggåande ekspressbåtruter. Først ut var ”Sogneruta” med endestopp på Årdalstangen.

Skuleskyss frå Vikadalen

Frå Vikadalen (Naddvik) dreiv Anfinn Hovland skuleskyss og arbeidsrute til Årdalstangen frå bygdene ute langs fjorden frå kring 1960 og inntil fjordbygdene fekk vegutløysing.

Verket sine "Tya" og "Utla

Då ÅSV vart skipa etter krigen, hadde aluminiumsverket trong for raskare persontransport m.a. til jernbanen i Flåm enn det vanlege båtruter kunne tilby. I 1952 kjøpte verket difor den luksuriøse hurtigbåten "Tya". Båten var i bruk til 1960. Seinare kjøpte ÅSV skyssbåten "Utla" som også var brukt som ambulansebåt.
Verksbåtane "Storegut" og "Tya" ved kai saman med "Sunnfjord" frå Fylkesbaatane. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.

Hovedside:
· Samferdsle i Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no