SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Sogn og Fjordane:

Offera etter Gestapo i Sogn og Fjordane

Dei 11 som døydde som fylgje av Gestapo sine aksjonar i Sogn og Fjordane fylke under 2. verdskrig var (reine militære aksjonar er halde utanfor):

Publisert 26.10.2001 13:54. Oppdatert 18.05.2006 07:32.

August Saltkjel

(1886-1942) frå Måløy. Fiskar. Arrestert saman med 14 andre som "represalie" etter Måløyraidet 27. desember 1941. Sat på Grini, men døydde 7. mai 1942 av bukhinnebetennelse på Ullevål sjukehus.

Jens Buarøy

(1888-1944) frå Batalden. Fiskar og bonde. Arrestert av Gestapo 20. april 1943 etter at namnet hans vart funne skrive på eit vekeblad ombord i ein norsk MTB som gjekk på grunn etter ein aksjon mot hamna i Florø 14. mars 1943. Jens og den 13 år gamle sonen Alf vart arresterte. Jens vart torturert og send til tyske konsentrasjonleirar saman med Hilmar Hansen frå Florø. Jens Buarøy døydde 5. august 1944.

Karl Hjalmar Hansen

(1891-1943) frå Høyanger. Blikkenslager og motstandsmann under 2. verdskrig. Gøymde m.a. illegale våpen og radio i huset sitt på Sæbøtangen. Vart arrestert av Gestapo 7. januar 1942 saman med sonen Magne Hansen. Etter fangenskap på Ulven og Grini overført til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i februar 1943, der han døydde 13.april 1943.

Knut Landøy

Bulandet (1896-1943). Bonde og fiskar. Arrestert 18. juli 1942 i Gestapo sin aksjon mot Bulandet-Værlandet etter Telavåg-affæren. 19 mann på øyane og 3 mann på Grytøyra vart arresterte, 3 av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar. Knut Landøy døydde 29. april 1943. (Sjå også Harald Myrvåg og Asbjørn Melvær.)

Olav Rise

(1899-1945). Leikanger. Handelsbetjent og sentral kontaktmann då Linge-mannen Ragnar Ulstein kom til Sogn 1944 for å byggje opp Milorg i fylket. Rise tok imot og gøymde mykje våpen, og heimen hans vart brukt av Ulstein til møterom med andre aktuelle motstandfolk. Her møtte han m.a. Harald Dale og Trygve Sæbø frå Høyanger. Då dei vart arresterte, vart dei etter grov tortur pressa til å gje opplysningar om kontakter med Milorg. Olav Rise vart arrestert av Gestapo 6. februar 1945, ført til Bergen og så hardt torturert at han døydde 15. februar 1945.

Leonard Schrøder Evensen

Solund. ( 1906-1944). Småbrukar og fiskar. Sentral i den kommunistiske motstandsrørsla på Vestlandet. Arrestert i heimen i Solund 7. september 1944. Under båttansport til Bergen kasta han seg overbord og drukna for å sleppe røpe noko ved harde forhøyr.

Asbjørn Melvær

Bulandet (1908-1944). Fiskar. Arrestert 12. mai 1942 i aksjonen som Gestapo gjennomførte mot Bulandet-Værlandet etter Telavåg-affæren. 19 mann på øyane og 3 mann på Grytøyra vart arresterte, 3 av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar. Asbjørn Melvær døydde 3. november 1944. (Sjå også Knut A. Landøy og Harald Myrvåg).

Hilmar Hansen

(1909-1944) frå Florø. Vart arrestert 20. april 1943 etter at Gestapo hadde funne namnet hans på eit vekeblad ombord i ein norsk MTB som grunnstøytte etter ein aksjon mot hamna i Florø 14. mars 1943. Både han og Jens Buarøy (sjå denne oppe på sida) vart hardt torturerte og sende til tyske konsentrasjonleirar. Hilmar Hansen døydde den 21. november 1944.

Hans Faleide

f. 1914, frå Leikanger. Prisinspektør. Fungerte m.a. som kurer mellom ulike Milorg-grupper i fylket vinteren 1944-1945. Arrestert 10. februar 1945, ført til Bergen og grovt torturert. m.a. med stråleovn mot hovudet. Døydde like etter krigen av torturskadane.

Harald Myrvåg

(1914-1944) frå Bulandet. Fiskar. Arrestert 19. mai 1942 i Gestapo sin aksjon mot Bulandet og Værlandet etter Televåg-affæren. 19 mann på øyane og 3 mann på Grytøyra vart arresterte, 3 av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar. H.M. døydde 3. november 1944. (Sjå også Knut Landøy lenger oppe og Asbjørn Melvær).

Gerd Svanhild Haaland

Gerd Svanhild Haaland

Høyanger (1924-1945). Arrestert 8. mai 1944 etter angiveri om illegalt arbeid. Døydde under flyttinga mellom tyske KZ-leirar 15. april 1945.

Førre side:
· Oppgjeret med Klötzer og co.
Hovedside:
· Gestapo i Sogn og Fjordane


KRIGSHISTORIE 
Krigshistoria i Askvoll
Krigshistoria i Aurland
Krigshistoria i Balestrand
Krigshistoria i Bremanger
Krigshistoria i Eid
Krigshistoria i Fjaler
Krigshistoria i Flora
Krigshistoria i Førde
Krigshistoria i Gaular
Krigshistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gulen
Krigshistoria i Hornindal
Krigshistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Høyanger
Krigshistoria i Jølster
Krigshistoria i Leikanger
Krigshistoria i Luster
Krigshistoria i Lærdal
Krigshistoria i Naustdal
Krigshistoria i Selje
Krigshistoria i Sogndal
Krigshistoria i Solund
Krigshistoria i Stryn
Krigshistoria i Vik
Krigshistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no