Anders Jonasson Daae (1680-1763) frå Trondheim, busett i Vik. Prest og jordeigar. Sokneprest i Vik frå 1708 til 1763, prost frå 1718. Han kom sjølv frå beskjedne kår, men sanka seg enorme eigedomar, og vart rekna som den rikaste mannen i Sogn i si tid. Verdet på eigedomane vart samanlikna med 8000 mjølkekyr!
M.a. fekk Daae kontroll over store jordeigedomar i Vik ved giftarmålet med Birgitte Munthe, som frå foreldra
Ludvig Christophersøn Munthe og Karen Leganger hadde arva mykje av jordegodset etter
Iver Erikssøn Leganger - m.a. gardar på Hove i Vik.
I 1741 bygde Daae eit av dei første faste skulehusa i landet i Vik. Huset låg på garden Sæbø (sjå:
Den første skulen i Vik).
Anders Daae vart stamfar til Daae-slekta i Sogn. Den er kjend som ei makelaus "presteslekt" - men også fordi mange offiserar bar etternamnet Daae. M.a. vart etterkomarar prestar i Luster, Vik, Lærdal og Leikanger, og offiserar med etternamn Daae fann vi i Måren (
Kapteinsgarden Måren) og Luster:
Sønene Jonas Daae (1717-1777) vart prest i Vik, Ludvig Daae (1723-1786) prest i Lindås, Gert Daae (1728-1784) prest i Luster.
Ludvig Daae var far til Anders Daae jr. (1758-1816) - ein kjend prost i Leikanger, Ove Daae (1767-1840) - prest i Hafslo, Iver Munthe Daae (1771-1849) - prost i Fana, Ludvig Daae jr. (1774-1843) - prest i Lavik, og Christen Daae (1776-1854) - prest i Lindås.