Framhaldsskule, mellomskule og realskule
Frå 1890 vart det skipa framhaldsskulekurs fleire stader i Kyrkjebø kommune. I 1918 starta arbeidet med å skipe ein kombinert framhaldsskule og mellomskule i industristaden Høyanger. Norsk Aluminium CO tok på seg å koste både lærarløner og skulerom, og skulen vart opna i 1925. I 1927 overtok Kyrkjebø kommune drifta. Frå 1943 fekk skulen eigen eksamensrett. I 1947 vart skulen omskipa til 2-årig realskule, og vart nedlagd då 9-årig ungdomsskule vart innført i 1966.
Høyanger kommunale gymnas
I krigsåra 1940-1945 vart det starta gymnas fleire stader i fylket: Florø, Dale, Aurland og Høyanger. Det var reiseproblem for bortebuande skuleungdom som førde til denne oppblomstringa av lokale gymnas. Alle fekk kort levetid (sjå elles under
Skular i Fjaler,
Skular i Flora,
Skular i Aurland og
Sygna Gymnas). Høyanger kommunale gymnas vart skipa i 1943 med Nils Odin Franche Skånes som rektor. Gymnaset vart lagt ned i 1950.
Frå kommunal yrkesskule til vidaregåande skule
I 1932 vart det reist krav om at industristaden Høyanger måtte få eigen yrkesskule, og i 1933 starta Kyrkjebø 2-årige Fagskole med ei snikkarline og 11 elevar. I 1934 fekk skulen mekanikarline med 10 elevar, plassert i Vadheim. I 1936 vart lina flytta til Høyanger. I 1937 endra skulen namn til Høyanger Yrkesskole for håndverk og industri.
Skulen var nedlagd i krigsåra 1940-1945, men starta opp att etter krigen og fekk line for elektrofag i 1947. I 1949 gjekk ei fylkesnemnd inn for at yrkesskulen skulle leggjast ned.
Framlegget vekte harme og sterke protestar i Høyanger: Fagforeninga truga med utmelding av Arbeiderpartiet og LO. Det enda med at kyrkjestatsråden bøygde av og gjorde om fylkestingsvedtaket om nedleggjing av yrkesskulen i Høyanger. Fylkeskommunen overtok drifta i 1955. I 1964 fekk skulen eigen bygning, og i 1967 fekk den line for kjole- og draktsaum, og i 1969 frisørline. I 1972 vart det starta kombinerte grunnkurs for yrkesopplæring og gymnas.