SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Høyanger:

Andre køyrevegar i Høyanger

Vegen frå Klævold-Kyrkjebø-Berge

vert opna i 1882. Dette var den første bygdevegen i Kyrkjebø kommune.

Bygdeveg frå Dale til Øyra

i Høyanger vart bygd i 1887.

Publisert 17.10.2001 13:29. Oppdatert 25.01.2007 08:53.

Vegen Lavik-Lavikdal-Løland bru

vart opna 1912.

Vegstrekningane Hest-Bjordal og Førde-Hest

på sørsida vart opna i 1923.

Vegen Høyanger-Nordeide-Kyrkjebø

vart opna i 1934.
Ein av bussane til Firda Billag vart teken av ras på vegen mellom Vadheim og Høyanger på 1950-talet. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening.

Vegen Høyanger-Vadheim

vart opna 1937 ved at strekninga Klævold-Vadheim vart fullført. Den nye Vadheimstunnelen (1658 meter) vart opna 1972. Etter opninga av Høyangertunnelen i 1982 vart den rasfårlege strekninga Høyanger-Nordeide på vestsida av Høyangsfjorden utbetra - m.a. med Hovdentunnelen (1283 meter) og Kvernhaugtunnelen (1334).

Samanhengande veg Vadheim-Lavik

(noverande E39) vart opna i 1960, då den siste parsellen på strekninga – den gamle Bogentunnelen vart overlevert. (sjå nedanfor om utbetring)

Fjellvegen Bjordal-Matre

vart opna 1967.

Sognefjordslina og vekstsenteret Førde

Riksvegen frå Balestrand til fergekaia på Kongsnes i Lånefjorden vart opna i 1971. Denne fjordlina kom som eit resultat av at Førde i 1965 var peika ut som vekstsenter.

Samanhengande veg Vadheim-Guddal

i Fjaler kommune vart opna i 1972. På Vadheimsida vart veg til fjellagardane på Ullebø bygd i 1927.

Vegen Lavik-Leirvik

vart opna 1973.

Vegen Oppedal-Bjordal

med Ikjefjordbrua (340 meter) vart opna i 1977.

Høyangertunnelen

Høyangertunnelen (7543 meter) vart opna i 1982 av Kong Olav V. Med Høyangertunnelen fekk Indre Sogn heilårs vegsamband med resten av fylket.

Vegen Bjordal-Ortnevik

med Søreidetunnelen (1881 meter) og Bjordalstunnelen (1552 meter) vart opna 1985.

Til all lukke har ingen liv har gått tapt ved Bogen.

Vegen Bogen-Teigen

E39 kring Bogentunnelen på vestsida av Vadheimsfjorden har vore sterkt utsett for ras, og fleire gonger har det vore nær ved at menneskeliv har gått tapt. Bogstunnelen på E-39 (3.482 meter) frå Bogen til Teigen opna i juni 2004.

MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no