|
Mykje av samferdsla har føregått med båt på Gloppenfjorden. Rekonstruksjon frå 1992. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Driftevegar
gjekk frå gamalt frå Hyen og Gjengedalsmarka til Instedalen i Naustdal, og derfrå vidare sørover mot Sogn over Trodalen til Angedalen i Førde. Til Hyen vart krøterdriftene frakta i jekter eller ”storebåt” – dvs. store robåtar som m.a. elles vart brukte til fiske og transport av høy frå utslåtter langs fjorden.
Ein annan drifteveg som vart mykje nytta etter at vegen gjennom Våtedalen kom i 1889, var frå Ryssfjøra nord for Vereide og innover fjella mot Breim. Derfrå gjekk driftene gjennom Våtedalen mot Skei i Jølster, med robåt over Kjøsnesfjorden til Sunde og vidare sørover mot Gaularfjellet og Sogn.
Den Trondhjemske Postvei vart teken i bruk i 1795, først og fremst som veg for postruta mellom Bergen og Trondheim.
|
Hesteskyss på Sandane ca. 1900. Foto frå Ljøren. |
Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Gloppen i 1905, var det det private "Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab" som bygde og dreiv telefonnettet.
I Hyen gjekk det svært lang tid før bygdene fekk skikkeleg vegsamband.
·
Veg gjennom Våtedalen
·
E 39 mellom Sogn og Bergen
Gabriel L. Bjørnereim frå Breim var truleg den første som kjøpte seg bil i Sogn og Fjordane.
Rutebilselskap
- sjå
Firda Billag under Førde kommune.
Andre bussruter
På Sørstranda i Gloppen dreiv Johan Rygg (1904–1972)lokale bussruter ei tid. I 1972 overtok
Firda Billag rutene og dei to bussane.
Ein kom så langt at lina Vadheim-Sandane vart stukken ut. På Sandane skulle skinnene ende i ei fergehamn på Austrheim.
I 1922 skipa 12 personar på Hestenesøyra eit aksjelag og kjøpte ein hurtiggåande skyssbåt som dei døypte om til ”Nesjar”.
Flyplassen på Anda vart opna 1975. Anda vart valt som småflyplass for Nordfjord etter vurdering av Markane i Stryn, Bjørlomona i Eid og Mona ved Sandane sentrum.
Selskapet livnærte seg dei første åra i hovudsak på ambulanse- og avisflyging, og hadde midt på 1960-talet tre sjøfly. I 1967 bygde selskapet hangar på Elvaneset.
Samband i dag
I dag har Gloppen kommune m.a. ekspressbussamband fleire gonger dagleg mot Ålesund, Trondheim og Bergen, og fleire daglege ruter frå Anda på kortbanenettet.