SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Naustdal fødde år 1800-1900

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 16.10.2001 13:37. Oppdatert 26.04.2007 13:46.
Førre side:
· Kjende personar i Naustdal fødde år 1200-1800

Mads Krognes

(1801–1871) frå Naustdal. Starta som omgangsskulelærar i Naustdal 16 år gamal, og var lærar i 54 år. Skrivepapir og tavle var det ringt med. Og for at ungane skulle lære å skrive, snekra han karm på bordplata og strødde fin sand utover. I sanden lærte ungane å skrive bokstavar.

Anders Haave

(1809–1867) frå Naustdal. Bonde, lekpredikant og ein av dei fremste haugianarane i landet.

Mads Iver Wefring

(1819-1894) frå Vevring. Haugianar, tok som 15-åring til å reise som forkynnar på Møre og i Gudbrandsdalen, etter at han vart ”vekt” på møta til Stina og Maren Underli i 1833.

Anders Redal

(1811-1896) frå Redalen. Bonde, politikar og haugianar som reiste som emissær i omlag 50 år, og betalte reisene med eigne midlar.

Johan Sebastian Friis

(1811–1820) frå Førde, busett i Naustdal frå 1843, der han var handelsmann, postopnar og dampskipsekspeditør.

Maren Fitje

(1812–1845) frå Vevring, busett i Førde og Flora. Haugianar.

Stina og Maren Underli

(1816-1843) frå Vevring. Haugianar.

Carl Andreas Larsson Wefring

(1822–1900) frå Vevring. Bonde og politikar. Ordførar i Vevring kommune i 32 år, forlikskommissær og andre tillitsverv. Vararepresentant på Stortinget 1862-1863, 1868-1869, 1874-1876 og 1880-1882. Fast representant på Stortinget 1865-1867, 1871-1873 og 1877-1879.

Samson Madsen Krogness

(1830-1894) frå Naustdal. Prest, redaktør og forfattar. Emigrerte til Amerika i 1866. Redaktør av fleire blad og tidsskrift i det norsk-amerikanske miljøet. Gav ut andaktsbok og salmar før han reiste til Amerika, og i Amerika ei bok med religiøst innhald.

Henrik Solheim

f. 1836 i Naustdal. Skal vere den første naustedøl som utvandra til Amerika i 1864.

Jakob Slettemark

(1844–1932) fødd i Breim med familienamn Egge, busett i Instedalen. Gardbrukar, spelemann og slåttekomponist.

Josef Grimeland

(1846–1900) frå Naustdal. Lærar i krinsane Fimland og Horstad frå 1864 og i tilsaman 23 år.

Anton Andreassen

(1847-1881) frå Naustdal. Reiste i 1872 saman med 25 andre som misjonær til Madagaskar. Var første misjonæren frå Naustdal. Både han og storparten av familien hans døydde av tropefeber.
Anders Erdal var stortingsrepresentant og ordførar i Naustdal.

Henrik Gundersen

(1852–1946). Elveeigar, bonde og handelsmann i Naustdal.

Anders Martinus Andersson Erdal

(1856–1932) frå Naustdal. Lærar og Venstre-politikar.

Jakob Olsson Tingnes

(1859–1917) frå Vevring. Bonde, jaabækianar og initiativtakar til skipinga av ”Vefring Bondevenforening” i 1870.

Mons Litleré

(1867-1895) frå Naustdal. Nynorskforkjempar, bokhandlar og forfattar.

Gjert Andreasson Hegrenæs

(1874–1952) frå Hegrenes. Bonde og politikar for Venstre, seinare Bondepartiet.

Olai Aalen

(1874–1949) frå Vevring. Lærar og forfattar, som gav ut fire diktsamlingar, m.a. ”Glør” 1913 og ”Kristlyndt mod” 1917. Skreiv også salmar.

Kristian Eimhjellen

(1874–1942) frå Eimhjellen i Hyen, busett i Naustdal og Bygstad. Lærar.

Johannes Kvellestad

(1875–1912) frå Vevring. Lærar i Naustdal og redaktør for bladet ”Ungdomsvennen” 1906–1912.

Bertel A. Grimeland

(1875–1966). Pedagog.

Anders Anderson Førland

(1876-1939) frå Vevring. Handelsmann og fiskebåtreiar som i 1905 med båten "Knerrier" var den første som nytta garn under torskfiske på Island. Han eksporterte også sølvrev til Island.

Anders Kvellestad

(1877–1957) frå Vevring. Skulestyrar og forfattar. Arbeidde også som reisetalar i Indremisjonen, og gav ut ei rekkje romanar og novellar med religiøst innhald.

Anders Hamre

(1878–1933) frå Naustdal. Journalist og forfattar. Redaktør av Venstre-bladet ”Den 17de Mai” 1916-1927, og var også ei tid redaktør for ”Syn og Segn”.

Arne Eliasson Sølvberg

(1879–1954) frå Innvik, busett i Naustdal. Lærar, organisasjonsmann og redaktør.

Albert Joleik

(1880–1968) frå Florø, budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustedalen, der han hadde gard. Bladmann, målmann og lokalhistorikar.

Aasbjørn Slettemark

(1890–1918) frå Naustdal. Lærar og forfattar som m.a. skreiv dikt og noveller, trykt i Norsk Barneblad og Unglyden. Noko av det han skreiv vart samla og gjeve ut i bokform i 1931.

Torfinn Litlere

(1890–1972) frå Naustdal. Kjend spelemann som m.a. var solist med Harmonien i Bergen og i 1902 reiste på turné i Amerika.

Ananias Byrkjeflot

(1895–1978) frå Naustdal. Sivilingeniør, disponent i Firda Billag 1937-1940.

Einar Birkeland

(1899–1945) frå Naustdal. Byggmeister og motstandsmann under 2. verdskrig.


Neste side:
· Kjende personar i Naustdal fødde år 1900-1930
Hovudside:
· Kjende personar i Naustdal


MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no