Gjekk på sokneprest Lindemanns skule for "bedrestilte jenter" på Davik (sjå:
Skular i Bremanger) og Nissens Høiere Pigeskole i Oslo. Arbeidde som guvernante (barnepleiar og privatlærar) i Florø, Oslo og Drøbak. I denne tida fekk ho også pianoundervisning av komponisten Halfdan Kierulf, og vart kjend med Bjørnstierne Bjørnson, som seinare sende dottera si Bergljot til Nikkas jenteskule i Dale.
|
På Steia er det reist ein bautastein til minne om Nikka Vonen. (Foto: A. Nybø, NRK) |
I 1869 starta Nikka Vonen pensjonatskule for jenter i Dale. Ho dreiv skulen til 1907. I desse åra hadde skulen kring 800 elevar, også frå USA og Australia.
Elevane ved jenteskulen har reist ein minnestein for Nikka Vonen på garden Steia, der skulen heldt til.
Verv og overtaling
Nikka Vonen vart det første kvinnelege medlemet av nynorsklaget Vestmannalaget i Bergen i 1872 (sjå
Henrik Krohn). Nikka var den som fekk overtala
Jens Rolvsson til å starte
Bondehøgskulen i Dale i 1871. I målarbeidet kom ho i kontakt med både Ivar Aasen og A. O. Vinje.
|
Frå ein klatretur til Galdhøpiggen. F.v.: Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann og Jens Rolvsson. (Foto © Fylkesarkivet) |
Skreiv bøker
Kring 1878 deltok ho på ein klatretur til Galdhøpiggen saman med m.a.
William Cecil Slingsby. Etter kontakt med sosialantropologen Eilert Sundt vart ho ein ihuga samlar av folkeminne, og skreiv mange
|
Relieff av Nikka Vonen på bautaen på Steia. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
skildringar: "En Husmandsfamilie" (1865), "Fra Søndfjord" (1866), "Eventyr fraa Sunnfjord" (1868), "Segner fraa Sunnfjord" (1869), "Anna", "Borgni", Kari" (1870), "Anne i Viken" (1924), "Berthel Vonens Livserindringer" (utgj. 1982), "Gåter frå Sunnfjord" (utgj. 1977). I 1879 vart ho utnemnd til livsvarig medlem av Bergens Museums Forening.
Tildelt Kongs Oscar IIs gullmedalje for fortenestefullt virke i 1894.
Dotter til
Bertel Vonen.