SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Naustdal:

Den utrulege Naustdals-ulven

Dagfinn Berg (t.v.) og Henrik Berg med storfangsten i 1950. Fotograf Reiakvam vart kalla inn for å ta dette biletet, og sakkunnige i Bergen kunne dermed stadfeste at det var ein ulv karane hadde skote..
Dagfinn Berg (t.v.) og Henrik Berg med storfangsten i 1950. Fotograf Reiakvam vart kalla inn for å ta dette biletet, og sakkunnige i Bergen kunne dermed stadfeste at det var ein ulv karane hadde skote..
Ein haustdag i 1950 dreiv Dagfinn Berg og syskenbarnet Henrik Berg og grov ut ei hyttetomt ved Vonamarka, inst i Naustedalen. I nysnøen oppdaga dei spor etter eit rovdyr. Dei tok børse med og fylgde spora til fjells. Ved eit vatn fekk dei auge på eit stort dyr som freista å kome seg unna opp eit skar.

Publisert 15.10.2001 10:19. Oppdatert 22.01.2007 14:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Dagfinn Berg fortel historia på ny i reportasjen ovanfor.
Etter nokre skot fekk dei felt dyret. Men ulven var offisielt utrydda for meir enn eit halvhundre år sidan, og dei to jegerane våga mest ikkje nemne fangsten då dei hadde fått det digre beistet til gards. Men ryktet gjekk, og folk strøymde til. Heller ikkje lensmannen torde seie sikkert kva dyr det var, og tilkalla distriktslegen (!) frå Førde.
Og dr. Bydal torde å seie det: Det var ein diger hannulv dei to Berg-karane hadde felt – over eit halvt hundreår etter at ulven offisielt skulle vere utrydda frå Sør-Noreg! Eit foto til endå meir sakkunnige i Bergen måtte til før alle var heilt sikre på den utrulege jakthistoria. Naustdals-ulven var eit einsleg streifdyr som hadde trekt vestover. Den vart send til Bergen Museum for utstopping, og har ved seinare høve vore stilt ut i Sunnfjord.
Ulven var ei tung bør for Henrik Berg. Foto: D. Reiakvam

Sjå også: Dei siste ulvane i Fjordane?.

MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no