Norskmaalets Bokhandel
I 1886 skipa
Mons Litleré ”Norskmaalets bokhandel i Naustdal”.
Målstrid om kyrkjesalmane
I 1904 vart det reist krav frå nynorskfolka om innføring av Blix-salmane i Naustdals-kyrkja. Prost Landmark var for nynorsk, men fekk vite av motstandarane at ”de vise skal forstyrre verden”. Her som mange stader elles, rekna eldre konservative det for ukristeleg å nytta anna enn ”Guds språk” i kyrkja – d.v.s. bokmål. Framlegget om nynorske salmar vart røysta ned med stort fleirtal.
Målstrid i skulen
Også i skuleverket braut det ut målstrid då alle krinsane med unntak av Naustdal gjekk inn for nynorsk som undervisningsmål ved ei rådgjevande folkerøysting i 1907.
Bokmålsfolket kravde nye folkerøystingar og trenerte saka, slik at nynorsk ikkje var innført i alle skulane i Naustdal før i 1920.
I Vevring kommune fekk småskulen nynorsk i 1908, og dei fleste krinsane fekk nynorsk på alle klassetrinna i 1920 – med unntak av Vevring, der bokmålet heldt seg som skulemål til 1934.
Nynorsk som administrasjonsmål
Innføring av nynorsk som administrasjonsmål starta i Naustdal kommune i 1914, og i kommunestyret frå 1922. Sparebanken var siste ”institusjon” i Naustdal som gjekk over til nynorsk – i 1936.
I Vevring vart det stilt nynorskliste ved kommunestyrevalet i 1907, men den fekk lita oppslutning. I 1909 vart det skipa eit riksmålslag i Vevring, men var tidleg på vikande front. Og i 1922 tok ein til å føre kommunale møtebøker på nynorsk også der.