Stamfaren til Berqvam-familien var
Ole Olson Berqvam.
Ekteparet Guttorm Berqvam f. 1943 og
Ida Berqvam eig den gamle storgarden Falkestein (sjå:
Prestegarden på Skei), og Guttorms bror Torbjørn f. 1944 eig ein annan av dei store gardane på Skei.
I felleseige bygde Berqvam-familien i 1974 den store forretningsgarden Berquamgården som ligg rett over gata ved rutebilstasjonen.
|
Ida Berqvam. |
Slaktehus vart handelshus
Midt på 1980-talet kjøpte Guttorm og
Ida Berqvam det fråflytta slakteriet til Vestlandske Salslag frå 1964. Dette bygde dei om til det Handelshuset, som med 11.000 kvm. var det største kjøpesenteret i Sogn og Fjordane då det opna i 1987. Ida og Guttorm Berqvam vart etter nokre år eineeigarar, og har sidan drive forretningsverksemda gjennom selskapet Qvam AS. Det første handelshuset har vorte mykje utvida med nye byggjesteg, og i 2005 vart Handelshus II på nordsida av gata opna. Dei to handelshusa er knytte saman med ei gangbru over gata, og er det største handelskomplekset mellom Bergen og Ålesund, med over 60 butikkar, kaféar, restaurantar m.m.
I 1995 bygde dei forretningsbygg for Møbelkjeden Idé (no Møbelhuset AS), og dette bygget har seinare fått to etasjar med husvære på toppen. Qvam AS eig også den gamle ”ullsentralen” like ved Berquamgården.
Bror til Guttorm Berqvam,Torbjørn Berquam, bygde i 1996 saman med entreprenør Fritz Hjelmeland (sjå
Forretningsfamilien Hjelmeland) kjøpesenteret
Førde Torg AS på 11.000 kvm. like ved Handelhuset i Storehagen i Førde.