Forretningsfamilien Sølvberg har drive forretning i Utvik, Jølster, Førde og Askvoll i fire generasjonar:
Elias A. Sølvberg
starta i 1874 landhandel i Utvik (sjå elles
Industri og næring i Stryn). Då vegen gjennom Våtedalen (Jølster-Breim) vart opna 1889, oppmoda Elias Sølvberg gardbrukar Klaus A. Egge til å byggje Hotell Germania, opna 1890 (sjå Gloppen kommune). Dette hotellet leigde Sølvberg og stod for drifta fram til 1896.
|
Anders E. Sølvberg |
(1878-1972) – Son til Elias. Leigde som 19-åring Sigurd Klakegs landhandel på Skei (sjå
Landhandlar i Jølster), før han i 1909 grunnla A.E. Sølvberg landhandel i Førde. Då han flytta til Førde, dreiv han først i den såkalla Schultz-bua (Flatenbua) ved Hafstad Hotell, før han seinare overtok lokala til handelsmann Nikolai Andersen ved Langebrua. Her hadde det vore forretning frå 1884. Anders E. Sølvberg var også disponent i
Firda Billag frå 1922 til 1937.
Nelly Sølvberg
(1904-2000), dotter til Anders E. Sølvberg, overtok drifta av forretninga på det kjende ”Sølvberg-hjørnet”. Huset vart i 1962 rive og erstatta med noverande bygg, som vart bygd saman med Førde Fargehandel (sjå denne under
Industri og næring i Førde), og der Gjensidige Sogn og Fjordane fekk hovudkontor.
son til Anders, flytta til Askvoll og bygde opp handelshuset P.A. Sølvberg der (sjå
Industri og næring i Askvoll). Varehuset vart drive av Sølvberg-slekta fram til 1998, då det vart overteke av
Førde Samyrkelag.
|
Anders Sølvberg. |
Ein av sønene til P.A. Sølvberg,
Anders Sølvberg var administrerande banksjef i Sunnfjord Sparebank 1974-1988, og organiserte skipinga av Sparebanken Sogn og Fjordane og leia den frå 1988 til 2001.