SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Selje:

Båtruter og losstasjonar i Selje

Selje sentrum har idag dagleg snøggbåtsamband til Bergen. (Foto: NRK)
Selje sentrum har idag dagleg snøggbåtsamband til Bergen. (Foto: NRK)

Losstasjonar

Losstasjonar vart skipa i Honningsvåg og Ervik. Utkikshaugen for losane i Ervik heiter framleis "Loshylla".

Publisert 27.08.2001 10:35. Oppdatert 17.12.2003 09:44.

Dei første Fylkesbaatrutene

til Selje gjekk til Eide i Moldefjorden. Starta i 1862. Frå 1874 vart ekspedisjonen flytta til Seljevågen.

Leikanger på Stadlandet

fekk fast anløp av rutebåtar frå Sunnmøre i 1886.

Johannes Ervik

starta på 1930-talet passasjer- og postkøyring til bygdene på Ytre Stadlandet. Rutene hadde korrespondanse med rutebåtar på Leikanger (til Møre) og i Selje (Fylkesbaatane). Gullik M. Hoddevik tok seinare over i same ruta.

Selje sa "nei"

Då tanken om å skipe Nordre Bergenshus Amtsbaater (Fylkesbaatane) i 1857, gjekk Selje kommune imot. Selje omfatta då også omfatta Vågsøy. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane vart skipa i 1858, og Måløy kom med som stoppestad for Nordfjord-ruta frå første dag. I 1859 avslo likevel Selje kommune etter framlegg frå Lars H. Eide å yte driftstilskot fordi dei meinte dampskipsrutene både var unødvendige og dyre. Dei hadde nok også i tankane at dei berre hadde eitt rutestopp lengst sør i kommunen. Men Selje måtte bøye seg og ta del i fellesutgftene til det fylkeseigde ruteselskapet.

Eide

Eide i Moldefjorden - den gamle skysstasjonen for ferdsla over Mannseidet - vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1862, men det var berre på sørgåande rute frå Nordfjord til Bergen. Men kravet om at Selje "prestegard" skulle få rutestopp vart reist alt i 1860. Då vart det vurdert i leggje eit rutestopp til Eide i Moldefjorden, men dette vart ikkje gjennomført.

Selje/Nabben

Selje/Nabben vart stoppestad for Fylkesbaatane i kring 1870, då rutestoppen vart flytta frå Eide til Selje. Lokalrutene på Selje tok slutt på 1980-talet. Frå 1988 fekk Selje rutestopp (endestopp) for ekspressbåten Bergen-Nordfjord.

Drage

Drage fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1893, då moloen på 72 meter var ferdig. Men dampskipselskapet tok atterhald om å gå til Drage dersom det var dårleg vêr.

Barmøy

Barmøy fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1895. Etter at Fylkesbaatane avvikla lokalrutene, starta Selje kommune eit lokalt ferjesamband Barmsund-Barmen.

Leikanger

Leikanger på Stadlandet fekk fast anløp av rutebåtar frå Sunnmøre i 1886.

Selje sentrum

har idag dagleg snøggbåtsamband til Bergen.

MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no