SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Fjaler:

Landmark på Tysse og Leitet

Landmark bygde det store hovudhuset på garden. (Foto: Asle Veien, NRK)
Landmark bygde det store hovudhuset på garden. (Foto: Asle Veien, NRK)
Knapt nokon familie frå Sogn og Fjordane har gjort seg så sterkt gjeldande i norsk samfunnsliv og kultur som Landmark-familien på Tysse.

Publisert 27.08.2001 09:15. Oppdatert 10.11.2003 12:12.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Om Landmark-folket på Tysse [WM]  (LYD) Magne Bjergene og Oddleif Fagerheim fortel til Ottar Starheim om Tysse gard og Landmark-folket som budde der.
Nils L. Landmark var stamfaren til Tysse-greina av Landmarkane.
Ætta kom frå Värmland i Sverige. Stamfaren til Tysse-greina, sorenskrivar Nils L. Landmark, var son til ein kunstvevar i Bergen. Då Nils vart utnemnt til sorenskrivar i Sunnfjord i 1809, kjøpte han Tysse-garden, som vart verande i Landmark-slekta til 1874.

Landmark bygde straks etter gardskjøpet det store herskapshuset som vi no kjenner som Lillingstonheimen. Han bygde hageanlegg med allèar ned mot sjøen, og anla eigen familiegravplass - "Fredensborg" - i 1824. Tysse-garden vart eit mønsterbruk for si tid.

Fredensborg er familiegravplassen til Landmark-slekta på ei høgde på Tysse. (Foto: A. Veien, NRK)
På eit underbruk som heitte Fagervik, budde Johan Widing Heiberg Landmark frå 1833 til 1846. Johan Widing Landmark var advokat og ein av sønene til Nils L. Landmark. Han vart første ordførar i Fjaler i 1837. I 1847 vart han fut i Sogn med bustad i Balestrand - sjå: Futegarden Askelund.

Leitet utskild

I 1875 vart garden Leitet skilt ut frå den store Tyssegarden, og på Leitet busette distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark seg. Han var ein av sønene til sorenskrivar Nils L. Landmark på Tysse gard, og var den første distriktslegen i Sunnfjord - sjå: Helsestellet i Fjaler.

Lars hadde bygde eit stort, herskapeleg hus på Leitet alt i 1844. Her dreiv døtrene Marie Landmark og Barbra Landmark (1848-1904) husstellskule for jenter 1883-1893, og broren deira, Nils Landmark, vart leiar for ei stor misjonærgruppe som drog til Madagaskar. Ei anna syster, Edle Landmark, dreiv i mange år gardbruket på Tysse og var postopnar.

Leitet vart skilt ut til ein av Nils L. Landmark sine søner; Lars Stub Heiberg Landmark. (Foto: Asle Veien, NRK)

Neste side:
· Landmarkane - pionérar i norsk landbruk
Førre side:
· Nitter-slekta tek over på Tysse
Hovudside:
· Storgarden Tysse


MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no