|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Jølster - Nikolai Astrup: Bileta til Nikolai Astrup | Måleri av Nikolai Astrup. |
Det var i heimbygdene Nikolai Astrup fann motiv og inspirasjon til sine naivistiske, men sterkt ekspressive bilete. Mange av motiva er fylte av mystikk – av ”en eim av rå muld og hedendom”, som han sjølv ofte sa. Han måla med rå, sterke fargar utan luft-toning, og braut såleis med moten på den tida. Publisert 20.08.2001 15:04. Oppdatert 26.11.2001 03:25. | Utstilling på Astruptunet. |
I dei merkelege fargetresnitta vart Astrup banebrytande, både i teknisk utføring, og med måten han varierte og etterarbeidde trykka på. Han nytta også mange av trykkplatene direkte på lerret, og nytta trykket som utgangspunkt når han måla oljevariantar av motiva. Mange av dei mest kjende svart-kvitt-tresnitta med motiv m.a. av bygdetullingen ”Tussingen” er illustrasjonar til forfattaren og venen Hans Kincks ”Vestlandsnoveller” (1942).
LandskapsmotivaI Jølster finn ein att mange av landskapmotiva til Astrup: Ålhus-kyrkja og dei gamle prestegardshusa på Ålhus, det gamle Jølstratunet i ”Soleinatt” ligg under den karakteristiske Kleberfossen på Ålhus, og landskapet i ”Jonsokbål” kan ein dra kjensel på frå ein haug ved Ålhus der ungdomen brukte å brenne jonsokbål. ”Fugl på stein” har sannsynlegvis motivet litt nord for Myklebust mot Årdal på andre sida av vatnet. Frå Myklebust ser ein fjella over Helgheim og Huus, der Astrup måla inn den mystiske ”Isdronningen” liggjande naken i fjelltoppane.
Frå strandkanten i bygda Sandal ser ein gardstun og fjellformasjonar som vart brukte i motiv som ”Vår med hvit hest” og ”Kornstaur”. Fjellmotivet ”Kollen” er måla frå Sunde mot det mektige fjellet over Kjøsnes, og frå same stad har Astrup måla Kjøsnesfjorden som bakgrunn for ”Anne” - jenta på steinen.
| Måleri av Nikolai Astrup. |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|