|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Jølster - Audun Hugleikson: Auduns borg på Ålhus? | Her i strandkanten på Hegranes skal borga ha stått. Inskrisjonen på steinen lyder "Her stod Auduns borg". (Foto: Randi Indrebø, NRK) |
I skrifter frå 1600-talet vert ei ”borg” på Ålhus omtala. Den skal liggje strandkanten på Hegranes. Publisert 15.08.2001 14:36. Oppdatert 08.04.2002 10:36. | Etter segna er dette ei dør frå borga til Audun. (Foto: Randi Indrebø, NRK) |
Ruinen vert for 350 år sidan omtala som ein steinbygning med vindauge og store bogar. Men noko borg i eventyrets forstand var det nok ikkje: Utvendige mål var 22 x 13 meter, og med tjukke veggar var det innvendige romet truleg 18 x 9 meter. På 1800-talet vert det antyda at det kan ha gått ei vollgrav kring borga.
I Ålhus-kyrkja like ved står ei gamal, smijernbeslått dør i våpenhuset. Etter segna skal denne vere frå Auduns borg, men høgst truleg stammar den frå den gamle stavkyrkja
i bygda.
I 1960 vart det reist ein minnestein på Ålhus. Hovudmotivet er henta frå baron Auduns segl. Steinen er hoggen av Jørgen P. Solheimsnes frå Jølster.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|