SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Jølster:

Landhandlar i Jølster

Fruktdisk i Jølster samyrkelag.
Fruktdisk i Jølster samyrkelag.

Joachim Sivertsen

frå den kjende ”hotell-familien” på Sandane starta landhandel på Skei kring 1840.

Publisert 15.08.2001 11:25. Oppdatert 16.04.2007 11:52.

Hans Zakariasson

starta landhandel same stad i 1865.

Sigurd Klakeg landhandel

på Skei vart grunnlagt 1882 av Anders Sjurson Klakeg. I 1908 overtok sonen Sigurd Klakeg, og landhandelen har vore drive av same slekta sidan. I ein kort periode på 1890-talet leigde den kjende forretningsmannen Anders E. Sølvberg lokale hos Klakegg og dreiv handel der. Idag heiter Klakeggs daglegvarehandel på Skei "Krambua".

Anders Knutson Sunde

frå Sunde starta kring år 1900 landhandel på Ålhus under firmanamn A.K. Sunde. Forretninga fekk nybygg 1955, og vart avvikla kring 1990.

Ivar Hylderaas

(1857–1957) frå Voss var omreisande skreppekar (handelsmann), og starta ca. 1894 landhandel på Vassenden i bygget som seinare er kalla Blåbutikken. (Også i Flora kommune slo fleire skreppekarar frå Voss seg ned som handelsmenn). Sonen Knut tok kring 1930 over drifta av denne, medan ein annan son, Gunnar Hylderaas starta landhandel i Sanddalen i 1926. I år 2001 vert denne handelen framleis driven av Gunnars son Ingvald, medan landhandelen på Vassenden avvikla 1961.

Nikolai B. Kvammen

(1875–1932) starta i 1907 som landhandlar på Eikås.

J.N. Aardal landhandel

i Årdal vart grunnlagt 1913 av J.N. Aardal. Ved sida av butikken, dreiv firmaet bensinstasjon.

Befring A/S,

landhandel på Veiteberg i Stardalen vart grunnlagt 1919 av Sigurd Z. Befring. Eige bygg frå 1923. Seinare overteke av Jølster samyrkelag, med Befring som filialstyrar. Samyrkelaget la ned avdelinga i 2007.

Kr. Myklebust Landhandel

på Myklebust vart grunnlagt i 1930 av Kristian Myklebust. Forretninga vart driven til 1991. Sonen til Kristian, Eivind Myklebust, har sidan 1976 drive som kjøpsmannskonsulent for nærbutikkar.

Avd. Stardalen

Jølster Samyrkelag

på Skei vart grunnlagt 1936. I 1946 opna laget filial på Veiteberg i Stardalen.

Vassenden Samyrkelag

vart grunnlagt 1945, og forretninga opna 1947. I tillegg til vanleg landhandel , tok samyrkelaget imot om omsette smør, ost, ull, skinn og andre jordbruksprodukt. Forretninga er idag ein del av Førde Samyrkelag.

Alf Helgheim

starta 1946 ur-, optikk- og fotoforretning på Helgheim. Daglegvarer frå 1970. Flytta 1987 til Skei, der forretninga sel ur, optikk, foto, video, gull og sølvvarer.

Jølster Samyrkelag

avdeling Stardalen - Sjå Befring As, startår 1919.

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no