SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Jølster:

Kampen om tverrsambandet

Walter Mondale opnar Fjærlandstunnelen 31. mai 1986. (Foto: NRK)
Walter Mondale opnar Fjærlandstunnelen 31. mai 1986. (Foto: NRK)
Kring 1970 var det hard kappestrid om kva for vegline som skulle velgjast som såkalla ”tverrsamband” mellom Sogn og Sunnfjord. Dvs. eit heilårs vegsamband til avløysing for den sesongopne Gaularfjellsvegen.

Publisert 13.08.2001 15:34. Oppdatert 20.03.2006 12:11.
Dei tre opphavelege alternativa var lina Hella-Skei gjennom Fjærland, Balestrand-Høyanger gjennom Høyangertunnelen, og ei opprusting av Gaularfjellsvegen med tunnelsystem i dei mest rasutsette partia. Veg gjennom Sogndalsdalen var lite framme i debatten.

Hella-Fjærland-Skei hadde kjøpmann Olav K. Henden som sin sterkaste talsmann. Dei kunne m.a. spele på folkekravet om vegutløysing for Fjærland.
I samband med utpeikinga av Førde som vekstsenter, vart det kravd betre vegsamband mot Oslo for vekstsenteret. Dermed vart vegen frå Balestrand til fergeleiet på Kongsnes
prioritert, og stod ferdig 1971. Eit framhald av denne ”Sognefjordslina” var vegtunnelen som vi no kjenner som Høyangertunnelen. Aksjonsgruppa for dette alternativet hadde sterke talsmenn i Høyanger og ved Høyanger Verk.
Den avgjerande kampen kom til å stå mellom Fjærlands-lina og Høyanger-lina. Begge aksjonsgrupper reiste i skytteltrafikk til Oslo for å tale si sak.

Hovudsamband om Høyanger

I 1973 vedtok Stortinget å satse på Høyangertunnelen som hovudsamband. Men samstundes skulle Fjærland få vegsamband med tunnel under Jostedalsbreen til Jølster. Denne skulle etter vedtaket berre byggjast som bygdeveg – dvs. med ei ”bilbreidde” og med møteplassar inne i tunnelen. Kravet om breiare tunnel kom umiddelbart, og vedtaket om riksvegstandard var på plass før arbeidet med Fjærlandstunnelen starta.

Bygdeveg vart riksveg

Det ”mellombelse” vedtaket frå 1973 om bygdeveg Skei-Lunde-Fjærland er grunnen til at vegen langs Kjøsnesfjorden i første omgang vart bygd smalare enn riksveg, og seinare måtte utvidast.

Fjærlandstunnelen ferdig i 1986

Walter Mondale opna riksvegen til Fjærland i 1986.
Vegen Skei-Lunde var ferdig 1980, og Fjærlandstunnelen (6.397 meter) vart opna som riksvegsamband i 1986. Tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale, klipte snora.
Han har ætterøtene sine frå Mundal i Fjærland.
Riksvegsambandet over Fjærland vart fram til 1994 utført med ferje Fjærland-Hella.

Riksvegen Sogndal–Fjærland

I 1994 kom vegsambandet gjennom Sogndalsdalen.

Skei-Fjærland må rassikrast

Men den nye riksvegen Skei-Fjærland synte seg å vere svært utsett for ras, steinsprang har kosta ein busspassasjer livet, og ein ung mann miste begge beina. Det var særleg dramatisk vinteren 2005, då ei mengd bilar vart innsperra mellom eit tjuetal snøras langs Kjøsnesfjorden. Til all lukke vart ingen skadde. Etter denne hendinga vart det utarbeidd planar for sprenging av ein 2600 meter lang tunnel framom den mest rasutsette strekninga frå Lunde og vestover. Også i Sogndalsdalen er store skreder sikra med rasvollar etter dramatiske episodar.

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no