SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle og næringsliv i Jølster:

Jølster Kommunale Automobilselskap

Denne bilen kjøpte Jølster Kommunale automobilselskap i 1919. Sjåfør er Andreas O. Årdalsbakke. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening
Denne bilen kjøpte Jølster Kommunale automobilselskap i 1919. Sjåfør er Andreas O. Årdalsbakke. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening
Fjordenes Automobilselskap var dei første åra eit reint turbilselskap som berre frakta turistar i sommarsesongen. (Sjå Kampen om turistane). Dette hadde den vanlege jølstring lita nytte av. Jølstringane hadde først og fremst trong for ein bil som kunne frakte varer til og frå dampskipskaia på Steinen i Førde.

Publisert 13.08.2001 14:35. Oppdatert 24.01.2007 14:56.

Skulle drive varetransport

Alt i 1912 drøfta jølstringane skiping av eit eige rutebilselskap som skulle drive varetransport på strekninga Vadheim-Sandane. Dei tenkte seg eit selskap som skulle heite Sønd- og Nordfjord Automobilselskap. Fjordenes Automobilselskap såg fåren for konkurranse, og baud seg til å skaffe jølstringane to lastebilar til slike ruter.

Jølstringane med eigne planar

Men jølstringane var alt godt i gang med eigne planar, baud nabokommunane å teikne aksjar i Sønd- og Nordfjord Automobilselskap, men fekk liten respons. Fylkesmannen la seg bort i striden, og det enda i første omgang med at Fjordenes Automobilselskap skulle syte for varetransporten til Jølster. Men rutene hadde liten kapasitet, og jølstringane var svært misnøgde med tilbodet.

Greip sjansen

Då staten i 1918 lova støtte til lokale vareruter, nytta difor jølstringane høvet til å skipe sitt eige kommunale bilselskap. Jølster Kommunale Automobilselskap vart skipa i 1919.

Avslag

Men fylkesmann Ingolf Christensen ivra sterkt for store, interkommunale ruteselskap, og avslo søknaden frå Jølster om rutekonsesjon. Fylkesmannen let også vere å sende jølstringane sin søknad om statsstøtte vidare. Jølstringane irriterte seg sterkt over dette, og gjennom ein utvandra jølstring i Oslo fekk dei på eiga hand lagt saka fram for arbeidsminister Olsen-Nalum. Då han høyrde at jølstringane alt hadde kjøpt bil, og at det dreia seg om ei rein lokal varerute til eiga kommune, gav han konsesjon, og overprøvde såleis den mektige fylkesmann Christensen. Lastebilen, av merket Republik og med 2,5 tonns lasteevne, hadde første ruta 22. juli 1919.

Kortvarig billag

Det kommunale billaget vart eit kortvarig mellomspel. Påskunda av fylkesmann Christensen vart det lagt fram ein stor transportplan for heile fylket i 1919. Her gjekk ein sterkt inn for større, offentleg eigde ruteselskap. Dei to ”innlandskommunane” Jølster og Gaular, som kvar for seg hadde stort behov for lastebilruter ned til fjorden, vart med i skipinga av Firda Billag i 1920. Jølster Kommunale Automobilselskap vart lagt ned, og lastebilane overtekne av Firda Billag. Jølstra-lensmannen Nils Olsson Øvrebø, som hadde vore forretningsførar for det kommunale billaget, vart formann i representantskapen i Firda Billag.

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no