Samanhengande veg langs Jølstravatnet
kom i 1859. Det var ”Store-Sandalen”
Johannes Zakariasson Sandal som tok initiativet og sto for byggjing av denne vegen.
Veg til Stardalen
Køyreveg frå Klakegg til Vindheim i Stardalen vart bygd frå 1881 og utover.
Veg gjennom Våtedalen
Då vegen gjennom Våtedalen mellom Jølster og Breim vart bygd i 1889, var det eit svært gamalt vegkrav som vart innfridd. Alt i 1829 hadde framståande personar i Gloppen fremja krav om at ein slik veg måtte avløyse roturen over Breimsvatnet. Sambanda over vatna var særleg sårbare om vinteren med dårleg is, og både på Breimvatnet og Jølstravatnet hende det mange ulukker fordi folk gjekk gjennom meinis og drukna.
Veg på sørsida av Jølstravatnet frå Vassenden til Sægrov
Vegen fram til Sægrov vart bygd bitvis på 1870-talet. Desse vegane vart utbetra til skikkeleg bilveg i åra 1938–1945.
Veg til Lunde
Lunde, i botnen av Kjøsnesfjorden, fekk vegsamband til Skei i 1938. Her vart det i 1980 bygd ny veg som ein lekk i vegutløysinga for Fjærland.
Veg til Dvergsdalsdalen
vart bygd 1959.
Veg til Søgnesand
Veg frå Lunde til Søgnesand vart bygd i 1959. I 1995 vart den rasutsette vegen sikra med ein 450 meter lang tunnel.