SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Eid:

Eid verft

Eid verft på Løkjaneset i 1996.
Eid verft på Løkjaneset i 1996.
Eid Verft vart grunnlagt 1971 av Reidar Klungsøyr, som dreiv Smedvik Verksted i Tjørvåg på Sunnmøre.

Publisert 16.07.2001 15:24. Oppdatert 08.03.2007 09:13.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Havyard Eid [WM]  
  • video Havyard Eid (BREIBAND) [WM]  - sendt på NRK1 18.11.2003. Med skipsbyggjar Jens Bjørhovde, tillitsvald Geir Olav Ytrehus og produksjonssjef Kjell Leite. Reporter/foto: Harald Kolseth.
Utrustingsanlegget stod ferdig i 1975. Eid Verft vart raskt den største industriarbeidsplassen i Eid kommune, og vart drive av Smedvik-gruppen fram til 1980. I Smedvik-tida vart det bygd i alt 14 skip ved verftet, og sju av desse vart leverte fullt utrusta frå Eid Verft.

Sidan krisa i 1980 då Smedvik-gruppen gjekk konkurs har verftet på Løkjaneset gått gjennom fleire konkursar og eigarskifte. Nokre tilsette gjorde m.a. ein mislukka
freistnad på å drive verftet med eit eige aksjeselskap.
Verftet vart i 2000 kjøpt av Havyard-gruppa på Sunnmøre, som også eig Havyard Leirvik (sjå Løland Verft).

I 2005 kjøpte John Olav Lefdal saman med ei gruppe frå Raudeberg i Vågsøy skipsverftet på Løkja og skipa Nor Marine Stål AS. Anlegget vart kjøpt for seks millionar kroner og er bygd om for å kunne levere ulike stålprodukt til m.a. skipsindustrien.

Lefdal eig 50 prosent av aksjane i det nye selskapet. Eigarane frå Raudeberg er knytte til skipsverftet Blaalid AS (sjå dette under Fabrikkar og verkstader i Vågsøy): Asbjørn Horn, Per Jørgen Silden og Terje Hveberg.

- Sjå også Nor Marine Industrier AS , skipa 2006.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no