SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Bremanger:

Vingen helleristingsfelt

4000 år gamle helleristingar i Vingen.
4000 år gamle helleristingar i Vingen.
Inne mot Vingepollen ved Frøysjøen, sør for Hornelen, ligg eitt av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa. Feltet inneheld minst 2000 ulike ristingar, og skriv seg frå ca. 4000-2000 år f. Kr.

Publisert 04.07.2001 11:51. Oppdatert 19.12.2006 08:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Det er dyremotiv som dominerer på helleristingane.

Svært mange ristingar skildrar hjortedyr, og har truleg samanheng med at Vingen har vore ein viktig stad for veiding og fangst. Truleg har steinalderfolket drive hjortedyra utfor dei bratte stupa kring Vingepollen – ei jaktform som skal ha vorte nytta i bygda heilt fram på 1800-talet.

Vingenfeltet freda og stengt for ålmenta

På grunn av slitasje og fåre for hærverk er det sett strenge restriksjonar på ferdsle i feltet. I 2002 vart Vingenfeltet og landskapet ikring freda av Riksantikvaren, og det vart sett forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Det er Bergen Museum som i dag eig og forvaltar det store helleristingsfeltet.

Fjellklatrar ”oppdaga” feltet

Helleristingsfeltet vart i 1910 oppdaga av den kjende Bergens-advokaten og fjellklatraren Kristian Bing. Bing var komen til Bremanger for å klatre i Hornelen og fjella kring Ålfotbréen .
– Les meir om fjellpionéren Kristian Bing i artiklane Kjende fjellklatrarar kring Ålfotbreen og om Jostedalsbreen.
Men Kristian Bing hadde også eit anna ærend i bygda: Dette var i ”fossespekulanttida”, og i 1913 kjøpte Bing garden Vingen for 3000 kroner. Dermed fekk han hand om store fossefall som kunne høve for kraftutbygging. I 1917 selde Bing fallrettane vidare til skipsreiar H. Kunhle for 50.000 kroner – ei pen forteneste på tre år! Seinare kom fallrettane i Vingen i hendene på Bremanger Smelteverk.
Kristian Bing skøytte teigen Dyreberget der helleristingane ligg, over til Bergen Muséum i 1923 for 1000 kroner.

2000 ristingar og steinaldertun i Vingen

Av ristingar som er registrerte til no, er kring 1500 funne i sjølve Vingen, medan dei øvrige 500 er funne i Vingelven, Hennøy og i Fura.
Ein stor stein var lenge dekt med jord på toppen og brukt som kålåker. Difor fekk den namnet Kålrabisteinen. Då dei dekte av steinen, fann dei ei mengd helleristingar på den – saman med djupe hakk etter spadar som vart nytta ved seinare kålrotdyrking.
På Vingeneset har ein funne tufta etter ein bustad frå steinalderen. Tufta er nesten åtte meter lang og vel seks meter brei. Også i sjølve Vingen har ein funne ei bustadtuft frå kring 3700 f.Kr.f.


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no