Vangen er tettstaden kring den gamle mellomalderkyrkja i Aurland. Her utvikla det seg frå 1850 eit tyngdepunkt i bygda, med handel, hotell, bank, dampskipskai og kommuneadminstrasjon.
vart starta kring 1875 og var eit samvirketiltak mellom bygdefolk som meinte det kunne vere på tide å bryte det handelsmonopolet som Brun-familien hadde på Vangen.
vart starta i 1897 då Torstein Wangen kjøpte deler av konkursbuet etter familien Brun (sjå
Rosendahl og Brun-epoken på Vangen).
Hans Rognehaug
(1873–1956) frå Sogndal starta kring 1900 med landhandel og bakeri i Flåm. Men det vert fortalt at Rognehaug opparbeidde seg mykje gjeld fordi han let kundane krite for mykje. På 1930-talet gav han opp handelen. Sonen Nils Rognehaug, som hadde gjort det svært godt som hestehandlar, hjelpte faren ut av pengekrisa med å leggje 30.000 kontant på bordet.
Lars Hylland
starta landhandel i Gudvangen i 1901. Han hadde tidlegare drive som skreppekar, og dreiv også som skysskar i Gudvangen. Lars og sonen Olav Hylland kjøpte kjøpte i 1920 Hansens Hotell (sjå dette under
Gudvangen Fjordtell). Butikken vart driven til 1991.
kom frå Bjordal og skifta etternamn frå Hest til Nedberge då han gifta seg og flytta til Undredal. Der starta han landhandel i 1902.
Martinus Botolvsen Dræge
starta landhandel i Gudvangen i nokre år tidleg på 1900-talet. Seinare vart det også postkontor i huset. Sonen Hans Martinussen Dræge dreiv butikken til nokre år etter 2. verdskrig, og deretter Jens Nilsen Hæreid til midten av 1960-talet. Hans M. Dræge kjøpte i 1951 det tidlegare Vikingvang Hotell (sjå
Gjestgjeveri og hotell i Gudvangen ), og dreiv det til kring 1960.
starta i 1919 landhandel i Undredal.
Ola T. Skjerdal landhandel
skipa 1923 - sjå
Brødrene Wangen 1875.
Flåm Samvirkelag
skipa 1931.