|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Aurland: Høgfjellsgardar i Aurland | Sinjarheim ca. 1914 |
I Aurlandsdalen og elles låg det store høgfjellsgardar i gamal tid. Når folk døydde om vintrane og vart gravlagde, måtte dei vente til våren før presten kom seg opp og fekk lese messe over grava på høgfjellet. Publisert 04.07.2001 10:47. Oppdatert 05.01.2007 14:02.Amerikanaren på fjellhyllaLangs fjordsidene i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden ligg høgdegardane oppe på karrige fjellhyller - ofte fleire hundre meter over fjorden. Den mest kjende er Stigen der eit ektepar frå USA og Bergen slo seg til på 1990-talet og starta gardsturisme. Frå badestampen ute på tunet kan turistane sjå rett ned i Aurlandsfjorden - fleire hundre meter under stampen!
Fårefull høybergingLivet på desse einbølte og stupbratte gardane i fjordsidene kunne vere fårefullt. I bygdebøkene kan ein lese om mange som reiste utfor og slo seg i hel i hamrane. Avlinga vart samla i skorter og rivner på dei mest utrulege stader. På garden Nedbergo vert det fortalt om utmarkslåtter der folket berga inn høyet i små løer, og måtte gå med isbroddar når dei skulle bere høyet heim om vinteren for ikkje å falle utfor. Ein tur med høybør kunne på slikt føre ta opptil tre timar.
Løypestrengen brann oppLøypestrengen var ei god hjelp når høyet skulle bergast ned gjennom stupbratte berg frå utslåttene. For å kunne bere opp tunge løypestrengar frå fjorden, var det ikkje uvanleg å kappe den opp i høvelege bitar som så vart lodda saman og strekt opp. I den nedste enden stod spelet som ein stramma stengen med.
Det var annsamt når høyet skulle bergast – kan hende litt for annsamt ein gong då folket på garden Hemri i Nærøydalen sende ned høyet på strengen frå den nedlagde garden Solbjørgo. Nede stod Bottolf Hemri og skulle ta av høybørene når dei kom. Men han var ikkje kvikk nok på labben, for den glovarme kroken som høyet hang etter på strengen gjorde at det fata eld i høybøra. Elden spreidde seg til spelet som brann opp, og strengen frå Solbjørgo ramla ned. Etter dette var det slutt på slåtten i Solbjørgo.
Flytte frå om vinterenPå Nedbergo valde folket frå kring 1900 å flytte inn til Undredal og bu der om vinteren. Sjølv om det var mykje ståk når buskapen skulle flyttast, vart det lettare å bu i Undredal der ungane gjekk på skule enn å kave med fårleg meinis på fjorden vinterstid. I april flytta dei så tilbake til Nedbergo.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|