På hærferd i England
Kong Olav Haraldsson (995–1030) hadde ein sumar vore på hærferd i England og røva til seg mykje hærfengd. Etter toktet la dei seg til i ei hamn i Northumberland som i Snorre verta kalla Furuvald. Om hausten let han langskipa (hurtigseglande krigsskip) liggje att, og med to knarrar (handelsskip) og 260 mann ombord segla han over Nordsjøen mot Noreg. Skipa berga seg så vidt frå ein overhendig storm før dei landa i Selje, og derifrå segla dei sør til Ulvesundet ved Måløy.
Sjanse til å ta Håkon jarl
Der fekk dei høyre at Håkon Eiriksson jarl (998-1029), den siste mannlege ættlingen frå Lade-ætta, truleg var på veg nordover frå Sogn med berre eitt skip. No såg kong Olav Haraldsson sjansen til å få has på fienden sin, Håkon jarl: Han styrte dei to knarrane inn til Saudungssund (Sauesund) på Atløy. Her la han dei to skipa på kvar side av sundet og spente eit tjukt tau imellom dei. Like etter rodde jarlen Håkon Eiriksson inn i sundet med langskipet sitt fullt av mannskap. Og då dei trudde at det var to fredeleg handelsskip som låg i sundet, rodde dei fram mellom dei to knarrane. No tok kong Olav og mennene hans og drog opp tauet midt under kjølen på langskipet og vinda det opp med det kraftige vindespelet. Straks tauet fata i langskipet, gjekk det i veret med akterenden og stupte fram med stamnen slik at sjøen fossa inn i skipet og kvelvde det.
Snorre fortel:
”Kong Olav tok Håkon jarl og alle mennene hans som dei kunne nå i, opp frå sundet, men sume drap dei, og andre drukna.
Dette nemner Ottar:
Svarte ramnars mettar,
rikdom har du nok av;
Håkons velbudde skute
og folket sjølv du fanga.
Ung du dine ættland
ønskte att å vinne;
ei det hindre hunne
jarlen, djerve krigsmann.
Dei leidde Håkon jarl opp på kongsskipet. Han var den venaste mannen som nokon hadde sett. Han hadde stort hår, og så fagert som silke, og det var bunde med eit gullband om hovudet. Han sette seg ned i førerommet, og kong Olav sa til han:
- Det er ikkje løgn, det som dei seier om deg og frendane dine, at de er vakre karar; men no er det ute med lukka dykkar.
Då sa Håkon:
- Der er ikkje noka ulukke, dette som har hendt oss: Det har lenge vore så at det har vore ymist med sigeren, og såleis har det gått med dine og mine frendar óg, at snart har den eine og snart den andre hatt overtaket. Eg er mest berre barnet; og no har vi ikkje lett for å verje oss heller, for vi visste ikkje at det var ufred ventande. Det kan vere at det går med oss ein annan gong enno.
Då svara kong Olav:
- Tykkjer du ikkje det ser ut til, jarl, at det no har laga seg så at du heretter dags korkje får siger eller usiger?
Jarlen seier:
- Dette lyt du rå for denne gongen, konge.
Då seier kong Olav:
- Kva vil du by meg, jarl, om eg let deg fara denne gongen heil og uskadd, kvar du vil av?
Jarlen spurde kva han ville krevje. Kongen svara:
- Ikkje noko anna enn at du fer ut or landet, og såleis gjev opp herredømet ditt, og gjer eiden din på at du aldri heretter skal halde slag med meg.
Håkon jarl fekk grid
Jarlen svara at så skulle han gjere. Og no gjorde Håkon jarl eiden på det til kong Olav at han aldri skulle slåst med han heretter og ikkje verje Noreg med ufred mot kong Olav og ikkje ta på han. Då gav kong Olav og alle hærmennene hans grid (fred/vern), og jarlen fekk att skipet sitt som han hadde hatt med seg dit, og sidan rodde dei kvar sin veg.
Sjå òg:
Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke