OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner Beheim Karlsen-saka

Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Beheim Karlsen-saka

Oppdatert 10.10.2001 17:05

NYHENDE

ANDRE LENKER

Venstrebanner orderudarkiv
 

Trur ikkje nevøen er rasist

Publisert 28.05.2001 12:38

Teikning Elin Fagertun
Teikning Elin Fagertun
Eg kan ikkje sjå nokon rasist i nevøen min, sa tanta til hovudtiltalte i Beheim Karlsen-saka i dag. Tanta har adoptert to born frå Afrika og gav eit svært positivt inntrykk av hovudtiltalte.

Tor Erling Staff starta i dag sin vitneførsel. Han skal prøve å skape eit anna bilde av den hovudtiltalte enn det aktor, førstestatsadvokat Jan Hoel, gjorde i heile siste veke.
Og øvst på lista til Staff stod tanta til den hovudtiltalte. Ho og mannen har to adopterte born på ni og ti år frå Afrika. Dei har brukt den hovudtiltalte som barnevakt.
- Han er til å stole på og borna våre er veldig glade i han, sa tanta, som er busett i Førde.

Ho sa også at ho ikkje kan sjå nokon rasist i nevøen sin.
- Det vi opplever no er stikk i strid med alt det vi står for, sa tanta i retten. Ho gav sin nevø utelukkande positive skussmål, og hadde aldri høyrt han uttrykke rasistiske haldningar eller valdelege tendensar.

Hovudtiltalte er tiltalt for vald og truslar mot Arve Beheim Karlsen, og for rasisme. Sist veke høyrde vi fleire vitne fortelje at tiltalte brukte rasistiske uttrykk om og mot avdøde Arve Beheim Karlsen.
Men i retten i dag fekk vi eit heilt anna inntrykk.

Også ein tidlegare kjæraste av hovudtiltalte vitna i dag, og ho fortalte om ein snill gut. Heller ikkje ho hadde oppfatta at ex-kjærasten hadde rasistiske oppfatningar.
Men heilt til slutt i sin forklaring sa ho;
- Han er snill, men når han drikk blir han aggressiv.



Beheim Karlsen-saka
2730 på "Saman skal vi leve" (08.11.2005)
Teaterstykke vekkjer reaksjonar (02.02.2005)
Ny etterforsking av Beheim Karlsen-saka  (16.05.2002)
Pris til Kari Beheim Karlsen (22.04.2002)
Opnar for ny sak (19.12.2001)
Ønskjer ny ankebehandling (11.10.2001)
Misnøgd med avgjerda til lagmannsretten (03.10.2001)
Ankane avviste  (03.10.2001)
Mobilforbod på Hydro (10.07.2001)
Også statsadvokaten ankar (27.06.2001)
Anke i Beheim Karlsen-saka (27.06.2001)
Solbraa ber om ny etterforskning (13.06.2001)
Velle refsar politiet (13.06.2001)
Eitt og tre års fengsel (12.06.2001)
- Ei bjørneteneste (01.06.2001)
Dommar pressa aktor (31.05.2001)
-Arve ikkje redd min klient (31.05.2001)
-Etterforskinga eit skrekkeksempel (31.05.2001)
Krev to og tre års fengsel (31.05.2001)
- Grensar mot aktlaust drap (31.05.2001)
- Sa Arve var "ein helvetes svarting" (30.05.2001)
Følte skulen ville bli kvitt Arve (30.05.2001)
Johannessen må vitne (30.05.2001)
Vitne med privat rekonstruksjon (29.05.2001)
Såg tre springe under brua (29.05.2001)
Iskaldt møte i retten (29.05.2001)
Fann to blodspor (29.05.2001)
Meiner sonen ikkje er rasist (28.05.2001)
Oppsøkte mora like over midnatt (28.05.2001)
100 000 på minnefondet (28.05.2001)
Vart ikkje avhøyrt (25.05.2001)
Rysta over kritikk frå Staff (25.05.2001)
Staff kraftig provosert på Kari Beheim Karlsen (23.05.2001)
-Kalla meg nigger og svarting (23.05.2001)
-Såg meg i augo og skalla til meg (23.05.2001)
–'Drep den vesle negeren' (23.05.2001)
Staff irritert på vitne (23.05.2001)
- Ropte "drep han" (23.05.2001)
Såg alt, vitnar i dag (23.05.2001)
Rasistiske utsegner (22.05.2001)
Ville banke opp Arve (22.05.2001)
Så Arve løpe under brua (22.05.2001)
Laug for politiet (22.05.2001)
- Hadde knapt møtt Arve før dødskvelden (22.05.2001)
Forklarar seg i dag (22.05.2001)
-Eg såg ikkje Arve igjen (21.05.2001)
Avviser vald mot Arve (21.05.2001)
Prinsippsak om rasisme (21.05.2001)
Ei prinsippsak for rasismeparagrafen (21.05.2001)
Nekta straffeskuld (21.05.2001)
I følgje med Kine Hellebust (21.05.2001)
Beheim Karlsen-tragedien (16.05.2001)
Omstridd rasismetiltale (16.05.2001)
Ei sterk mor (16.05.2001)
Tiltalen (16.05.2001)
Etterforskinga avslutta (08.02.2001)
Åtvarer mot lynsjestemning (01.02.2001)
-Håpar på rasisme-tiltale (01.02.2001)
Ikkje rasismetiltale for naustedøl (15.01.2001)
Arve-saka ferdig etterforska (08.01.2001)
Ny etterforsking i Beheim Karlsen-saka (15.09.2000)
Klagar på tiltalen i Beheim Karlsen-saka (23.08.2000)
Utlovar dusør i Beheim Karlsen saka (08.07.2000)


 
 
SØK

Beheim Karlsen-saka
Rasisme i trivselsfylket - banner
Baneheia 140
1000 kr for beste tips
BEHEIM KARLSEN-SAKA
Seint fredag 23. april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte "drep han" "drep denne negeren".
Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funnen drukna i Sogndalselva.

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 03:56