OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner Beheim Karlsen-saka

Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Beheim Karlsen-saka

Oppdatert 10.10.2001 17:05

NYHENDE

ANDRE LENKER

Venstrebanner orderudarkiv
 
Arve Beheim Karlsen
Arve Beheim Karlsen

Anke i Beheim Karlsen-saka

Begge dei to som vart dømde i Beheim Karlsen-saka, seier at dei vil anke straffeutmålinga. Dei to seier også at dei alt har fått forkynt at påtalemakta vil anke saka inn for lagmannsretten.

Statsadvokat Jan Hoel
Statsadvokat Jan Hoel

Også statsadvokaten ankar

Statsadvokat Jan Hoel ankar dommen i Beheim Karlsen-saka. Sjølv om dei tiltalte fekk streng straffeutmåling i heradsretten, var ikkje Hoel nøgd med at dei vart frikjende etter rasismeparagrafen. Også dei to tiltalte i saka ankar dommen.


Solbraa ber om ny etterforskning

Bistandsadvokat Gunnar Solbraa ber no statsadvokaten anke dommen i Beheim Karlsen-saka. I brevet til førstestatsadvokat Jan Hoel ber Solbraa også om at det blir sett i verk ny politietterforsking.

Velle refsar politiet

Politiarbeidet i Beheim Karlsen-saka vart saftig kritisert under rettssaka. Også sorenskrivar Steinar Velle er kritisk til arbeidet.

Eitt og tre års fengsel

Dei to 19-åringane frå Naustdal som var tiltalt for vald, trugsmål og rasisme mot indisk-fødde Arve Beheim Karlsen, vart i dag dømde til tre og eitt års fengsel. Begge vart frifunne for brot på rasismeparagrafen, men er dømde for vald og trugsmål. Halvparten av straffa for 19-åringen som er dømd til eitt år i fengsel, er gjort på vilkår med ei prøvetid på to år.

Rasismedebatt påverka avgjerd

Statsadvokat Jan Hoel vedgår at rasismedebatten i vinter påverka avgjerda om ta ut ein rasismetiltale i Beheim Karlsen-saka.

- Ei bjørneteneste

Advokat Knut Storberget gjekk til angrep på aktor sin bruk av bevis i Beheim Karlsen-saka då han starta prosedyren i dag føremiddag. Han sa mellom anna at aktor gjorde antirasismen ei bjørneteneste.

Krev to og tre års fengsel

Aktor i Beheim Karlsen-saka, Jan Hoel, har lagt ned påstand om tre års fengsel for den hovudtiltalte og to års fengsel for den andre tiltalte for trugsmål under særleg skjerpande omstende.
Forsvarar Tor Erling Staff opna si prosedyre med å karakterisere etterforskinga som eit skrekkeksempel, og krev full frifinning.


Dommar pressa aktor

Sorenskrivar Steinar Velle uttrykte fleire gongar skepsis til aktor sin påstand om at Beheim Karlsen sprang ut elva då han vart jaga.

-Arve ikkje redd min klient

-Eg trur ikkje at Arve frykta min klient. Eg håpar dei pårørande vil tilgje at eg seier det.


 
 
SØK

Beheim Karlsen-saka
Rasisme i trivselsfylket - banner
Baneheia 140
1000 kr for beste tips
BEHEIM KARLSEN-SAKA
Seint fredag 23. april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte "drep han" "drep denne negeren".
Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funnen drukna i Sogndalselva.

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   19.12.2008 13:46