21.11.2009

- Telenor driv telefonterror

Forskar Jan Erik Weinbach i Sogndal hevdar Telenor driv med telefonterror og har meldt selskapet til politiet. Weinbach har opplevd å bli oppringt ti gonger på ein dag, men han fekk berre summetonen kvar gong han svarte.

Jan Erik Weinbach. Foto: Arne EithunJan Erik Weinbach. Foto: Arne Eithun

Telenor driv ei form for telefonsal som betyr at dei ringjer opp fleire abonnentar samstundes - men berre den første som plukkar opp telefonen møter ein seljar. Dei siste abonnentane får berre summetone, fordi Telenor då har "lagt på".

- Dette er telefonterror, seier Jan Erik Weinbach.

- Ungefakter

Før jul opplevde han og familien å verte oppringt ti gonger same dagen utan at nokon svarte i den andre enden.

- Det første som slår meg er at dette er ein 10-12-åring som har funne ein telefonkiosk og leikar seg. Dette er sjikanerande og ulovleg. Eg har meir forståing for at ein 12-åring gjer dette som ein del av oppveksten enn at eit firma med eit momsnummer og rett til å selje gjer det.

Sterke indiser

Dei stadig brotne oppringingane irriterte Weinbach så grundig at han til slutt sette seg klar og greip telefonen ved første ring. Han fekk då ein seljar på tråden som gjerne ville ha Weinbach tilbake som Telenor-kunde.

- Eg hadde høyrt rykte om at enkelte telefonseljarar brukte ein metode der dei ringjer ti og ti, og førstemann som tek telefonen han er då heldig, for å bruke eit slikt uttrykk. Eg hadde ein mistanke om at dette var tilfelle. Eg har ikkje bevis, men eg føler det er sterke indisar då eg faktisk får ein telefonseljar på tråden når eg er rask på labben.

- Forstyrrer privatlivet

Weinbach melder no Telenor til politiet for å ha forstyrra privatlivets fred. Men han har fått opplyst av politiet at denne typen oppringingar berre er straffbare viss det er privatpersonar som driv på. Men Weinbach kan ikkje sjå skilnaden mellom ein gutestrek, og eit føretak som driv med gjentekne oppringingar.

- Sjølv om Telenor ikkje gjer dette for å plage meg, så fører metoden dei brukar til same utfallet som om det hadde vore ein 12-åring i andre enden som synest det er morosamt å plage, seier Weinbach.

- Lovleg

Informasjonssjef i Telenor, Knut Sollid, stadfestar at dei driv telefonsal på denne måten, men han understrekar at det er fullt lovleg. Informasjonssjefen forstår likevel at enkelte kan mislike metoden.

Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK